Heim Nyhende Hauge-senteret feirar kjærleiken

Hauge-senteret feirar kjærleiken

Olav H. Hauge-senteret i Ulvik opnar vårsesongen 29. januar med soga om den såkalla Askerkretsen og held fram med feiring av St. Valentins-dagen i februar og poesidagen i mars.

 

På valentinsdagen – alle hjarters dag – den 14. februar feirar Hauge-senteret kjærleiken med dikt av Odveig Klyve. Klyve skal lese frå samlinga «Kjærleikens geometri», som har vore utgangspunktet for eit samarbeid med musikaren Eva Pfitzenmaier.

Poesidag

På den internasjonale poesidagen 21. mars skal diktaren Erlend O. Nødtvedt lese utvalde lyrikkperler og utdrag frå si eiga samling «Trollsuiten», mens vinkjennaren Ove Svendsen skal servere edle vinar. Musikk blir det òg, lover Hauge-senteret.

Alfred Fidjestøl skal 29. januar fortelje frå boka «Frå Asker til elden» om landsmålspionerane Hulda og Arne Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik og den såkalla Askerkretsen. Fidjestøl fekk Sultprisen for forfattarskapen sin i fjor.

Soga om Seselja

Elles på vårprogrammet står framsyninga «Soga om Seselja» etter Ruth Lillegravens diktsamling Urd, som ho fekk Brageprisen for i 2013. Lillegraven har laga framsyning av dikta saman med musikarane Rannveig Djønne og Tuva Syvertsen.

I mai blir det familiekonsert med Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones og siderslepp og konsert med det lokale prosjektet ReHarvest – songar frå Neil Young-albumet Harvest i norsk språkdrakt. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...

Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

No kan du bli med den gamle bokbåten på tur blant bøker, bølger og bygder i Hardanger! Den 61 år gamle båten Epos har vore...

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje...

Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Den formelle likestillinga mellom bokmål...