Heim Nyhende Hjartesmil-bloggar gir ut bok

Hjartesmil-bloggar gir ut bok

Hjartesmil-bloggar Mariell Øyre vil gjerne leve kunstnarlivet til fulle. No skriv ho og Jostein Avdem Fretland, som ho er trulova med, bok saman.

– Å skrive bok saman med Jostein er som ein draum, og det går veldig glatt. Me er vane med å jobbe i lag og synest eigentleg berre det er kjekt. Me er kvalmande konstruktive og skuffande lite dramatiske når me skriv saman, seier Mariell om bokprosjektet.

Blogg som CV

Boka dei skriv på, skal etter planen kome ut hausten 2013.

– Eg kan seie så mykje som at ho handlar om ein nordmann i London, varmluftsballongar, hemmelege rom og kompliserte familiar. Og sjølvsagt om ein heil masse kjærleik.

Mariell Øyre er frå Årdal og mest kjend for bloggen Hjartesmil, der ho skriv om kvardagslege hendingar, kunst, foto, kjærleiken og resten av livet. Og alt blir skrive med små bokstavar, på nynorsk. For det fekk ho mellom anna i 2011 stipend frå Noregs Mållag. Tidlegare har ho også gitt ut magasin.

– Eg vil framleis blogge, kan ikkje tenkje meg å ikkje gjere det. Det er gjennom bloggen eg har fått alle sjansar eg har fått, han er betre enn ein CV kva dag som helst.

Kunstnarlivet

I dag bur ho og kjærasten i London, ein by der opplevingane står i kø. Ikkje minst for Mariell, som drøymer om å realisere fleire bok- og magasinprosjekt, i tillegg til å utdanne seg som fotograf.

– Ingen dag er lik den før, eg jobbar med dei kreative prosjekta mine om kvarandre og har lite til ingen struktur på kvardagen i grunnen. Ein dag skriv eg heile dagen, ein annan jobbar eg med bilete. I dag har eg berre vore på museum, der eg åt ein blåbærmuffin og smilte til eldre damer med stokk som tok av seg brillene for å sjå på Diane Arbus-fotografia. I morgon anar eg ikkje kva eg driv med. Akkurat no likar eg det best slik, så kan eg i alle fall fortelje borna mine at eg levde kunstnarlivet til det fulle før eg vart vaksen og ordentleg.

Kva skjer framover?

– Om ikkje så lenge leverer Jostein mastergraden sin, og då skal me ha kveitebrødsdagar i London og late som om me er på ferie, og ete middag til frukost og frukost til middag. Så er det meir jobbing som vanleg, mykje tekst og bilete. Og eit hemmeleg prosjekt eg jobbar med, som eg håpar blir ferdig i haust.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...