Heim Nyhende Hordaland Teater med oppfølgjar av suksessframsyning

Hordaland Teater med oppfølgjar av suksessframsyning

Etter at Hordaland Teater i vår hadde stor suksess med framsyninga Heim, er eit knippe forfattarar no i gang med å skriva oppfølgjaren Heim 2.

 

Framsyninga er ein del av ei musikalsk vestlandskrønike i fire delar. Den første tidsreisa tok for seg perioden 196–1975. Oppfølgjaren Heim 2 skal handla om typiske trekk ved Hordaland og Vestlandet i åra frå 1975 til 1985.

Til å skriva historiene har teatersjef Solrunn Toft Iversen fått med seg forfattarane Ruth Lillegraven, Gunnar Staalesen, Tore Renberg til tillegg til forfattarar som Marit Eikemo, Frode Grytten og Ragnar Hovland som også var med å skriva første delen av den musikalske tidsreisa.

– Eit superlag, seier teatersjefen til Bergens Tidende.

På scenen blir det også nokre nye fjes. Morten Svartveit frå Voss som mellom anna er kjend frå NRK-serien «Heimebane», og Kjærsti O. Skjeldal som er kjend frå ulike filmar og teaterroller ved Det Norske Teatret, er nokre av dei nye skodespelarane, medan Sigrid Moldestad som i «Heim 1» var med som både tekstforfattar og skodespelar, er ein av dei som blir med vidare.

Eirik del Barco Soleglad har regien på Heim 2 som får premiere 21. februar 2019.

<p>(©NPK)</p>

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...