Heim Nyhende Ikkje mykje glossy nynorsk

Ikkje mykje glossy nynorsk

Ei rundspørjing Bergens Tidende har gjort hjå dei største dame-magasina i landet syner at dei har svært få eller ingen saker på nynorsk.

Redaktørane i Det Nye, Kamille og Eva seier dei ikkje har nynorskskrivande journalistar i staben og heller ikkje får tilbod om saker på nynorsk frå frilansjournalistar. Kor vidt dei ville trykke ein artikkel på nynorsk eller ikkje, ville bli ei vurderingssak den dagen tilbode ligg føre, seier dei.

Rerdaktør i Eva, Kirsten Oftedal, seier ho ikkje har noko målsetjing om meir nynorsk i bladet, men at ho er open for det der det er naturleg.

Magasinet Elle har derimot operert med fleire saker på nynorsk det siste året, og sjefsredaktør Signy Fardal seier dei negative reaksjonane har vore overraskande få.

Fardal seier til Bergens Tidende at ho reknar med at Elle vil halde fram med nynorsk også i framtida.

Men at ein får oppleve eit heilt Elle-blad gjennomgåande på nynorsk, held ho som lite sannsynleg.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...