Heim Nyhende Klagar på mål-vedtak

Klagar på mål-vedtak

Det er reaksjonar på at tilsette i søppelselskapet IATA får skrive på den målforma dei ynskjer.

 

Kontormedarbeidar Irene Homme vil ikkje at ho og kollegene skal ha full valfridom når det gjeld målform; ho vil ha reglar om at det interkommunale selskapet skal bruke meir nynorsk enn dei gjer i dag, skriv Varden. 

Indre Agder og Telemark Avfallsselskap (IATA) var tidlegare ein solid nynorskbrukar, som køyrde gjennomført nynorsk i alt frå skilt til stillingsannonser. Selskapet fekk også Nissedal Mållag sin målpris i 2008. 

Homme har no klaga saka inn til fylkesmannen, skriv Varden.

– Kan eg be om at fylkesmannen vurderer om Indre Agder og Telemark Avfallsselskap IKS lovleg kan fatte og praktisere Mållova på ein slik måte? Har det noko å sei kva målvedtak eigarkommunane har fatta, undrar Homme. 

Dagleg leiar Roar Karlsen i IATA vil ikkje kommentere saka overfor Varden, men styreleiar Pål Kristiansen seier at han trur styret har gjort eit lovleg vedtak.

– Men fant ikkje noko som bandt oss på nokon måte. Saka blei tatt opp i styret etter eit initiativ frå ein tilsett. Me meiner me handsama det på ein grundig og seriøs måte, seier han.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...