Heim Nyhende Kolmannskog til Samlaget

Kolmannskog til Samlaget

I dag byrjar Edmund Austigard i jobben som ny administrerande direktør for Samlaget, og det er nå klart at frå neste haust får han med seg Håkon Kolmannskog som forlagssjef for Samlaget Litteratur.

Stillinga som forlagssjef for litteratur inneber overordna ansvar for redaksjonell utvikling, produksjon og marknadsføring. Kolmannskog er i dag forlagssjef i Forlaget Manifest, som han var med på å starte opp for fem år sidan.

Under Kolmannskog si leiing har Forlaget Manifest blitt eit markert og leiande forlag for debattbøker og engasjert sakprosa. Han har før dette vore kronikk- og debattredaktør i Klassekampen. Den nye forlagsdirektøren i Samlaget er tidlegare leiar i Norsk Målungdom.

– Dette var ein sjanse eg ikkje kunne takke nei til. Eg har tidlegare arbeidd i Samlaget og veit at forlaget har svært dyktige tilsette, forfattarar av høg kvalitet og ein inkluderande og kreativ kultur, som eg gler meg til å bli ein del av. Det blir inspirerande å vere med å vidareutvikle både litteraturen, forfattarskap og nynorskens posisjon, seier Håkon Kolmannskog i ei pressemelding.

Administrerande direktør i Samlaget, Edmund Austigard, er svært nøgd med å ha fått Kolmannskog til forlaget.

– Eg er svært glad for å få Håkon med på laget. Bakgrunnen hans frå media og gründerforlaget Manifest vil tilføre forlaget mykje nytt. Samlaget Litteratur får ein leiar som kjenner bokbransjen og dei krava til endring som blir stilt framover. Han vil vere synleg for forfattarane, og bidra til å synleggjere Samlaget og forlagets utgivingar, seier den ferske Samlaget-direktøren.

Edmund Austigard startar i jobben som direktør i dag, medan Kolmannskog startar i august 2012. I mellomtida skal han ha foreldrepermisjon. Anne Liv Tresselt som nå fungerer i stillinga som forlagssjef vil halde fram til Kolmannskog er på plass.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...