Heim Nyhende Krev lovfesta trusopplæring på nynorsk

Krev lovfesta trusopplæring på nynorsk

Eigne lover og reglar må til for å hindra at nynorskbrukande barn blir diskriminerte i trusopplæringa, meiner ei aksjonsgruppe.

 Gruppa peikar på at eitt av tre sokn i Den norske kyrkja har liturgi på nynorsk, medan mesteparten av materiellet som blir tilbydd barn i trusopplæringa, er på bokmål.
 – Storparten av bøker, DVD-ar og CD-ar er på bokmål, seier Wenche Haugen Havrevoll til Vårt Land. Ho éi av kvinnene i aksjonsgruppa Språkleg rettferd i Kyrkja. Ho legg til at tendensen er den same frå babysongar til bøker for konfirmantar.

– Treng klarare reglar
Nynorskaktivistane meiner den einaste måten å få endra på tilhøva er å lovfesta språkleg jamstelling.

– Nynorsken i skulen er sikra gjennom lovverket. Når Kyrkja har teke over oppgåvene til skulen innanfor trusopplæringa, er det naturleg at også Kyrkja må forplikta seg til å gje ut bøker og materielle på begge målformer – til same tid og til same pris, seier Haugen Havrevoll.
 Aksjonsgruppa vil no samla støtte til eit slikt krav og be Kyrkjerådet ta saka vidare.

Vil påverka med pengar
Kyrkjerådet er positiv til kravet om språkleg jamstilling og er villig til å bruka pengar som verkemiddel for å stimulera til at det blir laga trusmateriell på nynorsk.

– I den grad vi tildeler utviklingsmidlar til materiell som skal breiddedistribuerast i trusopplæringa, kan vi leggja inn som føresetnad at dette skal produserast på både bokmål og nynorsk, seier seksjonsleiar Kristine Aksøy i Kyrkjerådet til Vårt Land.

Ho seier at Kyrkjerådet har vore i kontakt med Noregs Mållag om denne saka tidlegare, og at dei vil følgja opp saka.

Leiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag seier til Nynorsk pressekontor at Den norske kyrkja er underlagt mållova og må ha ein viss nynorskprosent, men at mållova ikkje seier noko om at trusopplæringsmateriell som blir laga av eksterne produsentar, skal finnast på begge målformer. Han støttar difor kravet til aksjonsgruppa.

– Det trengst eit kraftfullt krav om at ingen kan laga trusopplæringsmateriell berre på bokmål, seier Øvregård. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...