Heim Nyhende Krev rassikring på offentleg veg innan 2030

Krev rassikring på offentleg veg innan 2030


– Alle offentlege vegar bør vere sikra mot ras innan 2030. Det meiner Nasjonal rassikringsgruppe, som arrangerer ein rassikringskonferanse i Oslo 8. februar.

Programmet er breitt samansett, og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa innleier om regjeringa sitt arbeid for rassikring.

NVE har fått det nasjonale ansvaret med å byggje opp ein skredetat i Noreg, og direktør Anne Britt Leifseth vil fortelje om dette arbeidet og kva utfordringar ho ser i tida framover. Skredekspertar frå dei fremste miljøa i Sveits og Austerrike kjem også for å gje ei innføring i arbeidet deira med varsling- og sikringsmetodar, sonekart og utdanningssystem.

Representantar frå Statens vegvesen er med på konferansen for å fortelje om rassikringsarbeidet her i landet. Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Oddvar Flæte, som leia Klimatilpasningsutvalget, vil innleie om sårbarheit og tilpassingsbehov som følgje av klimaendringar.

Publikum og deltakarar på konferansen får også høyre om korleis menneske som lever med konstant rasfare, organiserer kvardagen sin. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Mellom appar og bærbare skjermar heve nynorsken mista sin heim

Kunnskapsdepartementet er asfalten nynorske løvetannbarn må sprenge seg gjennom. Alle norske elevar har lenge hatt rett til læremiddel på eige språk, men tida der eit...

Velkommen til landsting og 30-årsjubileum for LNK!

Me har gleda av å invitera dykk til landsting, årsmøte og 30-årsjubileum i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. I år vert landstinget halde på Quality Sogndal...

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...