Heim Nyhende Kritisk til å privatisere stadnamn

Kritisk til å privatisere stadnamn

Språkrådet går i ei høyringsfråsegn mot framlegget om å gjere det opp til kvar gardeigar korleis namnet på gardsbruket skal skrivast.

 

Språkrådet meiner den endringa i stadnamnlova Kulturdepartementet har foreslått, kan undergrave den verdien bruksnamna har som felles kulturminne.

– Nedarva stadnamn er språklege bautasteinar, eldgamle kulturminne som har vorte overleverte munnleg gjennom hundreåra og tusenåra. Vi ville aldri ha tillate at ein grunneigar utan vidare fekk endra ei innskrift eller ei teikning på ein bautastein til ei tidlegare tolking. For oss er det prinsipielt like utenkjeleg at forvaltninga av lokale stadnamn blir privatisert, skriv styreleiar Ottar Grepstad og språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen i fråsegna.

Foreslår registrering av alternativ

Språkrådet foreslår i staden at grunneigarar kan få registrert slike ønske om å ta vare på ein skrivemåte som kan ha vore i bruk i lengre tid, men som ikkje er den opphavlege namneforma, som ein alternativ skrivemåte.

– Frå ein språkfagleg synsstad er det ikkje tvil om at det er den namneforma som er overlevert munnleg frå generasjon til generasjon, som er det eigentlege namnet, det som har krav på vern, heiter det i fråsegna.

Samtidig som Språkrådet går sterkt imot denne hovudendringa i stadnamnlova, meiner rådet likevel at framlegget har fleire gode forslag til endringar i språket og innhaldet i lova. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...