Heim Nyhende Kulturhus-satsing kan bli dyr for kommunane

Kulturhus-satsing kan bli dyr for kommunane

Over 60 kulturhus er bygde dei siste ti åra, eller planlagde dei neste fem. Kritikarar åtvarar mot at det kan bli dyrt for kommunane å drifte prestisjebygga.

Dei 60 prosjekta har ein samla pris på nesten 14 milliardar kroner og vil koste nesten ein milliard kroner i året å drifte, skriv Aftenposten. I undersøkinga deira er dei store Oslo-prosjekta, Operaen, Munch-museet og nye Deichman, haldne utanfor. Likevel blir det altså investert ein sum som svarar til sju hardangerbruer i kulturhus rundt om i landet.

– Held utbygginga av kulturhus fram i same takt som no, vil ein risikere at manga av bygga blir ståande som mausoleum over ein feilslått ideologisk kulturpolitikk, seier BI-professor Anne-Britt Gran til Aftenposten.

Ho peikar spesielt på at kulturbygga ikkje er tilpassa den raske digitaliseringa av kulturen. Satsinga på fysiske bygg held fram sjølv om alt er digitalisert og heimekonsumet av kultur aukar.

– Vendepunktet kan bli i 2012 då SSB for første gong målte at det analoge konsumet gjekk ned, seier Gran. Ho åtvarar særleg små kommunar om at det kan bli vanskeleg å drifte husa.

Organisasjonen Norsk KulturhusNettverk avviser kritikken og peikar på at besøkstala er gode og at det lønner seg å satse på kultur for å trekkje til seg innflyttarar. Men styreleiar Ola M. Løkken ser utfordringane når det gjeld drift sidan det er den enkelte kommune som må ta driftsutgiftene, medan sjølve bygginga er eit spleiselag med stat, fylke og private. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...