Heim Nyhende Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026».

Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.

Kva skal til for å vinne prisen?

Juryen vil prioritere kommunar og fylkeskommunar som viser til

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i (fylkes)kommunale planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid
  • eigne retningsliner for nynorskbruk i (fylkes)kommunen og opplæringstilbod for tilsette
  • tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet
  • opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
  • tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

I år vil juryen også leggje vekt på arbeidet dei nominerte gjer med lesing og litteratur.

– Eg trur alle språkinteresserte gler seg over merksemda rundt lesing og leselyst for tida. Kommunane og fylkeskommunane har store oppgåver på dette feltet, og vi ønskjer å gjere lesing, leselyst og tilbodet på nynorsk synleg i årets utdeling. Lesing er ein sjølvsagt del av aktivitetane i bibliotek, skule og barnehage. Lesing er også viktig i anna kulturarbeid, integrering, vaksenopplæring, kompetanseutvikling – for ikkje å snakke om i turisme og reiseliv. Forfattarheimar, spel, festivalar, litterære vandringar – det er mange felt der kommunane arbeider med lesing og litteratur, seier avdelingsdirektør i Språkrådet, Marianne Aasgaard i ei pressemelding.

Ho leier juryarbeidet på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet.

Kven som helst kan kome med framlegg

Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Det er fullt mogeleg å føreslå kommunar og fylkeskommunar som har vore med i tevlinga før. Språknøytrale kommunar og fylkeskommunar kan òg få prisen.

I 2024 var det Kvam herad som vann prisen, særleg på grunn av eit systematisk arbeid med nynorsk både i barnehage, opplæring og arbeidsliv. Juryen la då ekstra vekt på arbeidet for at innvandrarar skal få opplæring i og på nynorsk.

I juryen sit representantar frå Språkrådet, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Fristen for å føreslå kommunar og fylkeskommunar er 3. august 2026.

Les meir på nettsidene til Språkrådet!

Kontakt: jurysekretær Magnus Bernhardsen, tlf. 98 88 16 78 eller e-post
magnus.bernhardsen@sprakradet.no

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Programmet for Litteraturdagane er klart!

24.–27. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Tema i år er «liding». Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar vil nærme seg...

Språkrådet: Stavekontrollane er framleis like dårlege – bryt opplæringslova

Språkrådet har testa skriveprogram som blir brukte i skulen. Resultata er like dårlege som i 2025. Ingen av programma som er testa, oppfyller kravet frå...

Vestland vil ha filmar med nynorsk teksting

Fylkestinget i Vestland meiner det er på høg tid at kinofilmar får nynorsk underteksting. Over 35 prosent av dei kommunale kinoane i Noreg ligg i...

Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing

Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering. KI Norge, som vart lansert 12. juni...