Heim Nyhende Kvinnherad kåra til årets kulturkommune i Hordaland

Kvinnherad kåra til årets kulturkommune i Hordaland

– Kulturen i Kvinnherad blømer, sa ordførar Synnøve Solbakken då Kvinnherad kommune vart kåra til årets kulturkommune i Hordaland.

 

Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes delte ut prisen 19. februar under ei tilstelling i Litteraturhuset i Bergen.

Heng høgt
– Det heng høgt å bli årets kulturkommune. Kvinnherad er ein kommune som har store ambisjonar for kulturfeltet. Kommunen har tydeleg organisering av kulturlivet med ambisjonar og strategi for å nå måla. Kultur er ein viktig del av den kommunale verksemda. Kommunen skal utarbeide kulturplan.

Bibliotek og kulturskule er populære. Kvinnherad har fått nytt hus til kulturskulen og satsar på nærmiljøanlegg ved skular og idrettsanlegg og har ungdomssenter for uorganiserte. Kvinnherad er festivalkommunen for regionen, sa fylkesvaraordførar Mona Hellesnes.

Mange står bak
Ordførar Synnøve Solbakken tok imot prisen.

– Det er mange som står bak og har bidrege til å få dette på plass. Det er mykje frivillig arbeid og mange søknader om tilskot. Vi har politisk vilje, men den største utfordringa er at vi er så ulike. Vi likar å kalle oss ein festivalkommune med mange festivalar, revyar og aktivtetar året rundt. Vi får mykje besøk, og vi trivst med å gjere arbeidet sjølv, sa ordførar Synnøve Solbakken.

Landsfinale
Norsk Kulturforum (NOKU) kårar årets kulturkommune i samarbeid med offentlege styresmakter på regionalt og nasjonalt nivå. Kvinnherad er, som vinnar i Hordaland, med i konkurransen om årets kulturkommune i Noreg.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...