Heim Nyhende Lagar musikkteater om å kome heimatt

Lagar musikkteater om å kome heimatt

Jostein Avdem Fretland og Fredrik Høstaker synest det er viktig å gjere noko i heimfylket, for å gje noko tilbake.

«Kom heimatt, gut!» er ein uvanleg urpremiere i Sogn og Fjordane, med heilt nye både songar og tekstar – alt skrive av dei to unge utøvarar, som båe har budd utanfor fylket sidan 2009.

Forestillinga tek for seg historia om ein ung mann som legg ut på ein siste tur til bygda der han vaks opp, og er skriven og framført av skodespelar Fredrik Høstaker og komponist Jostein Avdem Fretland, frå høvesvis Førde og Lærdal.

– Eg trur det er viktig å gjere noko konkret på heimplassen sin, for å gje noko tilbake, seier Høstaker og held fram:

– Ein kan ikkje berre vere sånn «Å ja, han er herifrå, vi er så stolte av han, men han vil ikkje kome tilbake og gjere noko for oss!».

LES OGSÅ: Frå fjorden til metropolen

– Innmari frigjerande
Jostein Avdem Fretland (bildet) seier til Framtida.no at han synest det er frykteleg spennande og heilt annleis enn nesten alt han har gjort før.

– Eg tende med éin gong på idéen til Fredrik, fordi det er så fin parallell mellom handlingi i stykket og metaperspektivet vårt på produksjonen; det at han og eg tek med oss alt me har lært ute i verdi, kjem heim og lagar førestilling i Sogn og Fjordane. Og så er det ei utruleg interessant utfordring å laga eit variert og godt stykke med så strenge rammer: ein songar, éin pianist og eit ørlite produksjonsbudsjett. Det tvingar oss til å vera vanvitig fokuserte og nøyaktige med alt me gjer, seier Jostein Avdem Fretland. Sjølv bur han i Oslo, medan Fredrik Høstaker bur i Oslo.

– Det krev streng disiplin frå båe når me er vekke frå kvarandre og stor effektivitet når me er saman. Me skal ha oss to konsentrerte veker i Lærdal før premiera; vonleg blir det meste av slark fanga opp då. 

Førestillinga bestemte dei seg for at dei ville gjera heilt på eiga hand.

– Det er innmari frigjerande å vera våre eigne sjefar på denne måten. Me har ingen å svara for eller å skulde på; alt er opp til oss.

LES OGSÅ: Lagar samtidsmusikk for vanlege folk

Lagar podcast
Fram mot premieren vil dei laga ein podkast som tar for seg ulike emne knytt til både tematikken og sjølve produksjonen.

I den fyrste episoden pratar dei med produsent Mariell Øyre om mellom anna bakgrunnen for verket, forholdet til heimstadene og korleis ein opplever det å spele teater for berre sju frammøtte i Flora samfunnshus.

Podkasten skal kome med ny episode kvar veke fram mot urpremiera på Åmot Operagard den 29. november, og vil ta for seg ulike emne knytt til både tematikken og sjølve produksjonen.

Elles blir det førestilling i Balestrand 4. desember og Lærdal 7. desember. Og går alt etter planen blir det òg ei førestilling på Sandane og ei i Nordfjord.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...