Heim Nyhende Lesedigg.no skal hjelpa barn å finna kjekke bøker

Lesedigg.no skal hjelpa barn å finna kjekke bøker

Torsdag 9. juni opna den nye nettstaden Lesedigg.no på Festspela. Nettstaden skal gjera det enklare for barn å finna kjekke bøker.

Med bruk av emojiar og mange andre søkefunksjonar, lar Lesedigg.no brukarane søka seg fram til bøker som passar akkurat for dei.

– Målet er å få fleire til å lesa og gjera litteraturen lettare tilgjengeleg for barn, seier redaktør for Framtida Junior og dagleg leiar for Landssamanslutninga av nynorskommunar (LNK), Svein Olav B. Langåker.

Runa Follestad (11), Elise Haugen Standal (11) og Eline Øye Færøy (11) frå Hovden skule trur Lesedigg.no kan hjelpa dei å finna kjekke bøker å lesa på biblioteket. Foto: Benedikte Flataker

God hjelp

Runa Follestad (11), Elise Haugen Standal (11) og Eline Øye Færøy (11) frå Hovden skule trur Lesedigg.no kan hjelpa dei å finna kjekke bøker å lesa på biblioteket.

– Det er litt vanskeleg å finna fram blant bøkene i biblioteket, seier Elise Haugen Standal.

Ingen av dei pleier å spørja om hjelp når dei er på biblioteket, og vedgår at dei er litt for sjenerte til å spørja.

Stort samarbeid
Lesedigg samlar bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju, aktivitetar og siste nytt frå Framtida Junior.

– Nettstaden vil vera eit nyttig bidrag til biblioteka sitt formidlingsoppdrag for å nå ut til mange barn og unge, og skal lett kunna takast i bruk både heime og av skule- og folkebibliotek, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum.

Lesedigg er laga slik at innhaldet lett kan integrerast på nettsidene til folkebibliotek, skulebibliotek og andre nettstader.

Lesedigg er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida Junior.

Fleire barn, lærarar og bibliotekarar har kome med tilbakemeldingar undervegs i utviklingsprosessen.

RÅDGJEVARAR: Lisa Risnes, Leah Nerhus Bjelland, Malene Hansen, Selma Almås og Filip Lups i femteklasse på Sagvåg skule på Stord har gjeve råd under utviklinga av Lesedigg. Her med redaktør Svein Olav B. Langåker under førpremieren på Sagvåg skule. Foto: Camilla Ruhs

Støtta av Nasjonalbiblioteket
Lesedigg samlar tilrettelagt innhald frå mellom anna Framtida Junior, Nynorskbok.no og Tunkatten.no. Nettstaden har også med utdrag frå fleire av bøkene som blir omtala.

Nasjonalbiblioteket har støtta utviklinga av Lesedigg. Lesedigg blir drifta av Framtida Junior. Nettstaden deira hadde over 137.000 brukarar i fjor.

– Me ønskjer å bruka plattformen vår til å hjelpa barn og unge mellom 7-13 år å finna bøker som passar for dei og inspirera dei til å lesa, seier Langåker.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...