Heim Nyhende Litterær formidlingsfest i Førde

Litterær formidlingsfest i Førde

Onsdag 12. november feirar nynorskbyen Førde den nynorske barnelitteraturen.

 

I det barnelitterære feltet arbeider mange aktørar for  å gje barn og unge mulegheita til å bli glade i å lese. Men ikkje alltid i lag. Denne dagen står kommune, fylke, høgare utdanning, forfattarar, forlag og media skulder ved skulder som arrangørar av eit storstilt litteraturseminar for den nynorske barnelesaren, – og den vaksne!

– Målet er å skape ein møteplass for dei gode kreftene som kvar for seg arbeider for språkstimulering og leseglede for barn og unge. Slik  kan vi få innsikt i kvarandre sine kunnskapar og gode erfaringar, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen, som mellom anna vil lansere satsinga ”Nynorske lesegledarar” i sitt innlegg på seminaret.

Viktig tiltak for nynorsk språk
Konferansen er eit samarbeid mellom Landsamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Det norske Samlaget og Førde kommune. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opnar konferansen.

– Å vere språkleg trygg er ein viktig ballast i kvardagen. Difor er slike tiltak viktige for framtida til fylket vårt!, seier ho.

Tokvam og forfattarar til nynorskbyen
Finn Tokvam legg sitt nyetablerte talkshow ”Folk & Finn” til nynorskbyen for dette høvet. Deltakarane får møte fleire forfattarar, både på dagtid og kveldstid. Forfattar Bjørn Sortland, professor Øystein Vangsnes og mangeårig medlem av kulturdepartementet sin jury for barnebokprisar, Anne-Stefi Teigland er mellom dei mange føredragshaldarane på seminaret. I tillegg vil fleire forlag fylle opp konferanseområdet med eit bognande barneboktorg av nynorske barne- og ungdomsbøker.

– Vi lagar gode bøker, men dei fortener fleire lesarar! slår fungerande forlagssjef i Det Norske Samlaget, Ragnfrid Trohaug fast.

– For å vere ein god formidlar er det viktig å ta vare på si eiga leseglede. Når kvelden kjem er det den vaksne nynorsklesaren det gjeld, smiler Janne Karin Støylen ved Nynorsksenteret.

Nytt, spennande initiativ
Initiativtakar til samarbeidet er Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved prosjektleiar Svein Olav Langåker.

– Vi gler oss over initiativet og ser fram til å vere vertskap for dette flotte tiltaket som på mange måtar er ein prøvestein, fortel kommunalsjef Trond Ueland.

– Vi satsar på fleire litterære arrangement i byen vår framover. 

– Det er flott at Sogn og Fjordane tek dette så sterkt på alvor. Og eg gler meg til å vitje Førde! seier Svein Olav Langåker.

Programmet for den barnelitterære festdagen som startar med lunsj 12. november finn du her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...