Heim Nyhende LNK vil ha betre opplæringslov for å sikre nynorske digitale læremiddel

LNK vil ha betre opplæringslov for å sikre nynorske digitale læremiddel

Ei ny opplæringslov må bli mykje tydelegare for å sikre nynorskelevane ein digital skulekvardag på nynorsk. Det kjem det fram i ei samrøystes fråsegn frå landstinget til LNK Nynorskkommunane.

I den nye opplæringslova som regjeringa nyleg har sendt på høyring, blir det ikkje gjort nok for å sikre ein digital kvardag på nynorsk for nynorskelevane.

I februar i år skreiv 108 ordførarar under på eit opprop med krav om å få nynorskversjon av Google si programvare som vert brukt i skulen. Førebels kan vi ikkje sjå at kravet kan bli innfridd, heiter det i fråsegna som blei fremja av Vibeke Johnsen, varaordførar i Sogndal kommune.

Ikkje stram nok

I forslaget til ny opplæringslov forsøker regjeringa å sikre tilgangen på skriveprogram som stør nynorsk, men legg inn atterhaldet om at det berre skal kjøpast inn «så langt som råd».

– Framlegget til opplæringslov strammar ikkje godt nok inn definisjonen av eit læremiddel. Dermed er framleis like mange digitale læremiddel i ei gråsone, og praksisen med å tilby bokmålsversjonar til nynorskelevar kan halde fram, heiter det i fråsegna.

Ifølgje fleire undersøkingar LNK og Framtida.no har gjennomført, er det svært stort behov for fleire digitale læremiddel og læringsressursar på nynorsk. Fleire læremiddel kjem også for seint nynorsk.

Set kommunane i vanskeleg situasjon

Det nye lovforslaget set skuleeigarane og kommunane i ein vanskeleg situasjon som innkjøparar med uklare reglar å halde seg til. Dette er det fort nynorskelevane som taper på.

– Ei ny opplæringslov må difor vere klokkeklar i kravet til læremiddel og læringsverktøyprodusentane. Skal dei få innpass i skulen, må dei levere produkt på både nynorsk og bokmål. 

LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setje tydelege krav til ei ny opplæringslov i den pågåande høyringsrunden. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...