Heim Nyhende Lothepus får Dialektprisen 2018

Lothepus får Dialektprisen 2018

– Den språklege sjølvtilliten hans tener som eit førebilete for ungdom, særleg i distrikta, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom. – Leif Einar Lothe nyttar hardingdialekta i alt frå sprengingsoppdrag på bygda til kjendisgalla i byen. At han nyttar dialekta kvar enn han fer, og er tydeleg stolt av ho gjer han til eit godt dialektføredøme for ungdom, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

Les innlegget: Lothepus er den nynorske superkjendisen verda treng

Første realityvinnar

Dialektprisen 2018 vert overrekt Leif Einar Lothe frå Ullensvang herad i Hardanger på Det Norske Teatret fredag 16. november.

Prisen vart delt ut for fyrste gong i 2001, og vert delt ut årleg av landsstyret i Norsk Målungdom.

Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som P3Morgen, programleiar Linda Eide, idrettsutøvar Therese Johaug, Josefine Frida Pettersen frå Skam og musikar Daniel Kvammen.

Overvekta av vinnarar er dialektprofilar kjente frå kulturlivet, men Lothepus er den første realitykjendisen som mottek prisen.

Les også: Boka om Lothepus toppar bestseljarlistene

Lothepus forstår ikkje oppstyret

Når Framtida.no ringjer Lothepus for å høyra kva han synest om å få Dialektprisen svarar hardingen følgjande:

– Det er sikkert gode greier det, eg veit ikkje kva det er for noko.

– Forstår du kvifor dei gjev deg ein dialektpris?

Nei. Dei plar no å oversetja meg, seier Lothepus, som då viser til TV 2-serien Farmen Kjendis.

Norsk Målungdom meiner det at Lothepus var einaste deltakaren som vart teksta syner at media ofte undervurderer kor godt nordmenn forstår ulike dialektar, og at tradisjonelle dialektar som hardingdialekta kan vere utsett for eit normaliseringspress.

Lothepus tek det slett ikkje så tungt og synest heller det er stas.

– Du synest ikkje dei fordummar sjåarane når dei går utifrå at dei ikkje forstår deg?

– Dei fordummar no berre seg sjølv. Eg tenkjer at jo meir dei misforstår meg jo meir grautete snakkar eg.

– Kvifor har du vore så flink å halda på dialekta?

– Det er no berre slik det har vorte. Eg kjem jo frå ei fjellhylle, så det er no fjøslatin eg snakkar. Eg har aldri tenkt på desse greiene før du kjem og masar om det, men det er no kjekt at nynorsken får merksemd, seier Lothepus.

Les intervju med Hildegunn Wærness, filmskaparen som oppdaga Lothepus!

Språkbevisst merkevare

Leif Einar Lothe, kanskje best kjent under kallenamnet Lothepus, vart fyrst kjend for ålmenta gjennom den populære realityserien Fjorden Cowboys på TV2 frå 2014.

I fjor vart Lothepus kåra til årets medienamn av bladet Kampanje etter at han tok del i realityserien Farmen kjendis.

Bandet Lothepus, der Leif Einar Lothe er vokalist, har òg gjeve ut dei to albuma Sallaren (2009) og Cowboyhjarta (2014).

49-åringen er entreprenør med eige firma og har gjort suksess med både biografi og eigne produkt, som strekk seg frå parfyme til strikkegenserar.

Her kan du høyra Lothepus reklamera for ullsokkar:

Med over 136.000 følgjarar har Lothepus ein av dei desidert største Facebook-sidene på nynorsk.

For Norsk Målungdom er det ekstra stas å gje prisen til ein vinnar som nyttar både dialekt og nynorsk.

Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope, er glad for tiltaka for å betra kåra for nynorsken i Rogaland. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne
Leiar i Målungdommen, Fredrik Hope. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

– Han syner at dialekt passar i alt frå realityshow til kvardagen heime, og har bygd opp ei merkevare som sel der dialekta spelar ei sentral rolle, understrekar leiar Fredrik Hope.

Les også: Desse tenåringane fekk Lothepus som oppvarmingsartist

Førebilete for ungdom i distrikta

Leiaren i Målungdomen meiner den språklege sjølvtilliten til Lothepus tener som eit førebilete for ungdom, særleg i distrikta.

– Han syner at ein både kan koma frå bygda og slå gjennom nasjonalt og framleis halde på dialekta og vere stolt av det, understrekar Hope.

Tidlegare vinnarar av Dialektprisen
  • 2001 Tungtvann
  • 2003 Filmen United v/regissør Magnus Martens
  • 2004 Ravi
  • 2005 Are og Odin
  • 2006 Hopalong Knut
  • 2007 Ingrid Bolsø Berdal
  • 2008 Linda Eide
  • 2009 Eli Kari Gjengedal
  • 2010 Lars Vaular
  • 2011 Therese Johaug
  • 2012 Harald Rønneberg
  • 2013 Tønes
  • 2014 NRK og TV 2s felles VM-studio for fotball-VM 2014
  • 2015 Daniel Kvammen
  • 2016 Josefine Frida Pettersen
  • 2017 Silje Nordnes, Markus Neby og Ronny Brede Aase for P3morgen

Kjelde: Norsk Målungdom, Wikipedia

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Ingvild Bryn får nynorskprisen for journalistar

Ingvild Bryn er for mange sjølve nynorskrøysta. Etter ei særs variert karriere i NRK kan ho no også smykke seg med tittelen som vinnar...

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...