Heim Nyhende Målpris til Fjuken

Målpris til Fjuken

Austmannalaget var samla til fylkesårsmøte på Hundorp denne helga. Då fekk avisa Fjuken Målprisen 2013 frå Austmannalaget.

Fjuken har i 25 år hatt mykje å seie for nynorsken i Nord-Gudbrandsdalen.

– Historisk har nynorsken stått sterkt i Nord-Gudbrandsdalen. Men heller ikkje her er det rom for å kvile. Austmannalaget ser på Fjuken som ein av dei solide, viktige og urokkelege støttespelarane, og Austmannaprisen er ei påskjønning og ein takk for denne innsatsen. Frå ein trong start med base i Skjåk, har dei jobba seg opp til å bli ei viktig og svært populær lokalavis for heile Ottadalen, seier Even Lusæter, som delte ut prisen på vegne av Austmannalaget.

Austmannaprisen er ei påskjøning frå Austmannalaget til personar eller institusjonar som i tale eller skrift har gjort framifrå arbeid for nynorsk mål og norsk kulturarv.

– For oss er det ei stor ære å få målprisen. Fjuken er 25 år i år, og vi er trufaste mot nynorsken. Den sjølvtilliten har vi i Fjuken, smiler Asta Brimi, redaktør og dagleg leiar i Fjuken.

Austmannalaget er fylkeslag for Hedmark og Oppland i Noregs Mållag. Laget har siste åra hatt medlemsvekst og kan sjå tilbake på eit år med medlemsrekord. Laget fekk ein auke på 22 medlemer og har i dag 532 betalande medlemer. Det er høgste medlemstalet på 20 år.

– Det er mykje flott og spennande aktivitet i lokallaga våre, og det er svært inspirerande, seier Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget.

Dei lokale laga som har hatt høgste medlemsauken er Hamar dialekt- og mållag, Hadeland dialekt- og mållag og Toten dialekt- og mållag. Medan det største lokallaget er Mållaget Ivar Kleiven i Vågå som har 100 medlemer og Fron Mållag med 87 medlemer. I Språkåret 2013 har lokallaga markert Ivar Aasen og nynorsken.

Nyvald styre ser slik ut: Leiar: Helen Johannessen, Hamar (attval). Styremedlemer: Kirsti Krekling, Lillehammer (attval), Olaf Nøkleby, Lena (ny), Solveig Elgevasslien, Folldal (ikkje på val) og Kari Elin Sperstad, Skjåk (ikkje på val). 1. varamedlem: Aksel Hagen, Lillehammer (ny) og 2. varamedlem: Kine Skåri, Nord-Fron (ny).

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...