Heim Nyhende Målpris til Hordaland Teater

Målpris til Hordaland Teater

LNK sin Pris for offentleg målbruk 2009 går til ein særs viktig kulturinstitusjon på Vestlandet, nemleg Hordaland Teater.

Kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa delte tidlegare i dag ut prisen til Hordaland Teater for produksjonen Vestlandsrevyen. 

Det er Landssamanslutninga av Nynorskkommunar (LNK)  som gir ut denne prisen annakvart år. Prisen kan gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremje nynorsk språk, men den kan også gå til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det offentlege rommet. Den første prisen vart delt ut i 1993.

– Hordaland Teater er ikkje meir enn 20 år gamalt, men har verkeleg sett spor etter seg gjennom desse to tiåra, uttalte Kleppa då ho delte ut prisen.

– I 1997 fekk dåverande teatersjef Arvid Ones ein glimrande ide. Han ville vise fram den vestlandske sjela, på godt og vondt  – men kanskje aller mest på løye. Han tromma saman Ragnar Hovland, Finn Tokvam, Halvor Folgerø, Claus Sellevoll og Olav Stedje. Saman skulle dei skapa ein Vestlandsrevy som ikkje kan liknast med så mykje anna som har vore gjort. Juryen er ikkje ein gong sikker på om dette eigentleg var ein revy. I staden for å stole på gamle revytradisjonar, våga teatret og skodespelarane å stola på at dei stod framfor eit intelligent publikum, sa Kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa og heldt fram:

– Gjennom skråblikk og verbale svingslag i alle retningar, gjennom tvisyn og treffsikker ironi, fekk førestillinga fram kvalitetar og haldningar hos menneske – langt ut over det vestlandske. Gjennom denne produksjonen klarte Arvid Ones og co å skape ei førestilling som gjekk for fulle hus i Bergen i 2007 og som seinare har vore på turne over store delar av landet.

– Eg er stolt og litt rørt, seier Arvid Ones og lova med det same ein oppfylgjar på vestlandsrevyen i 2011.

Pris for offentleg målbruk vert delt ut av Landsamanslutninga av nynorskkommunar annakvart år, og består av ein sjekk på kr 50 000, og eit trykk av kunstnaren Ludvig Eikaas. Trykket heiter ”Tidt eg minnest” og motivet er henta frå Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. I den grad det var ein raud tråd i Vestlandsrevyen – så var det truleg arven etter Ivar Aasen.

Pris for offentleg målbruk 2009 går til Hordaland Teater for produksjonen ”Vestlandsrevyen”.

NYNORSK INSPIRASJON

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

MEST LESE

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...