Heim Nyhende Målpris til Kaizers-Janove

Målpris til Kaizers-Janove

Rogaland Mållag heidrar Janove Ottesen, vokalist i Kaizers Orchestra, med målprisen 2012.

 

– På ein ny, spennande og uredd måte har Ottesen og Kaizers fremja den tydelege jærdialekten langt ut over Jæren og Noregs grenser med musikken sin. Det gler eit kvart hjarte som trur på krafta i språket, heiter det i grunngjevinga frå Rogaland Mållag.

Prisen blei delt ut på Garborgsenteret måndag 1. oktober. Leiaren i Rogaland Mållag, Einar Schibevaag, påpeika at det var ein høveleg stad for utdelinga. Janove Ottesen har nemleg fortalt at Arne Garborg på mange måtar har vore ein føregangsfigur for bandet.

– At Janove ser på Arne Garborg som ein av dei mest kjende jærbuane i verda, gler oss sjølvsagt. Men grunngjevinga han nyttar er viktigare. Garborg fekk bodskapen sin fram, ikkje berre i Noreg, men i verda elles, seier Schibevaag.

Kaizers Orchestra har tidlegare donert 30.000 kroner til Garborgsenteret på heimstaden Bryne. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...