Heim Nyhende Målprisen 2011 til Yngvar Andersen

Målprisen 2011 til Yngvar Andersen

– Årets prisvinnar er kjend for å vere glad og positiv. Du har knapt sett han utan at eit varmt smil har lyst mot deg. Ein perfekt ambassadør for nynorsk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Yngvar Andersen fekk tildelt målprisen under Noregs Mållag sitt landsmøte på Sand i Suldal kommune denne helga.

– Eg er veldig glad for og stolt over målprisen. Spesielt varmar det at mållaget meiner eg brukar eit lett og konkret språk. Eg må i denne samanhengen få takke kona og svigermor (red. merk. skribent og norsklærar), som har gitt meg tilbakemeldingar på språket kvar gong eg har vore på tv eller radio, seier Yngvar Andersen til lnk.no.

– Det å få målprisen vil ikkje endre på denne praksisen, heller motsett. Prisen motiverer til å jobbe endå meir med språket, og det gler vi oss til, held han fram.

Noregs Mållag sin målpris skal gå til nokon som gjer ein viktig – og gjerne uventa – innsats for målsaka. Tidlegare har mellom anna Are Kalvø, Universitetet i Bergen og Hellbillies vunne prisen. Årets prisvinnar er verken statsråd, universitet eller rockeartist, men har markert seg på eit område der vi sjeldan deler ut målprisar.

Yngvar Andersen starta opp treningssenteret Mykjemeir i Oslo i 2006. Han valde medvite å bruke nynorsk i næringsverksemda si. Nettsidene har nynorsk som standard – men dei som absolutt vil, kan velje å få teksten på bokmål. Seinare har han blitt eit kjent andlet som treningsekspert i NRK-programmet Puls, der han bruker eit ledig, konkret og godt språk.

Andersen fekk målpris frå Luster Mållag i 2008 og målpris frå Sogn og Fjordane Mållag tidlegare i år.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...

Eit nytt kulturløft må løfta nynorsk

– Regjeringa lovar ein aktiv språkpolitikk og har gode tiltak i sitt budsjettframlegg, men gløymer at institusjonane er avgjerande for språket, seier sekretær for...

Digitalt seminar for folkevalde: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3!

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! Tid: Måndag 20. oktober klokka...

Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule?

Nynorsksenteret, LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt seminar! Meld deg på i dag! Digitalt seminar: Korleis lage best mogleg nynorskskule? Tid: Måndag 20. oktober klokka...