Heim Nyhende Microsoft opnar for å behalde nynorsk i e-postapp

Microsoft opnar for å behalde nynorsk i e-postapp

Det vekte reaksjonar då det var klart at Microsoft vil droppe mellom anna nynorsk og samisk som menyspråk i e-postappen sin. Kulturminister Abid Raja har møtt teknologigiganten, som no opnar for å gjere ei ny vurdering.

– Eg er veldig glad for at Microsoft no seier dei vil gjere nye vurderingar av nynorsk og samisk. No vil eg ta initiativ til eit møte med andre teknologiselskap saman med språkminoritetar for å diskutere kva utfordringar vi ser og kva løysingar som trengst, seier kultur og likestillingsminister Abid Raja (V) til Nynorsk pressekontor.

Språket under press

Nyheita om at Microsoft vil fjerne nynorsk, samisk og 25 andre språk som menyspråk på e-postappen Outlook har fått mange til å reagere. Microsoft vil kutte i menyspråk for at dei ulike appane i programvara Office 365 skal bli betre tilpassa kvarandre.

Raja fryktar denne utviklinga er med på å svekkjer det norske språket.

– Norske språk er under press frå utlandet og nynorsken er under press igjen frå bokmål. Dersom minoritetsspråk forsvinn frå mobilen og dei teknologiske duppedittane vi brukar i kvardagen ikkje kjem på nynorsk, så vil det presse språket vekk frå folk sin kvardag, seier Raja.

Kultur og likestillingsminister Abid Raja vil no invitere til språkmøte med fleire teknologiselskap. Foto: Anne Sigrid Hundere / Nynorsk pressekontor

Ber Microsoft snu

Når store delar av arbeidskvardagen går føre seg digitalt, vil dette også kunne påverke kommunar og fylke. Nynorskfylka Møre og Romsdal og Vestland har gjennom fylkestinget vedteke at dei vil kjempe for at Microsoft skal snu.

– Vi ber Microsoft om å ombestemme seg. Språket er ein viktig del av identiteten vår, spesielt når vi no blir heildigitaliserte i kvardagen vår, sa Trude Brosvik, gruppeleiar i Vestland KrF, til NRK i juni.

Microsoft: – er engasjert i å styrke det norske språket

Shazhad Rana er teknologidirektør i Microsoft Norge. Han er positiv til eit samarbeid med offentlege språkaktørar og andre teknologiselskap for å sikre språkmangfaldet.

– Vi er engasjerte i å styrke det norske språket og kulturarven i ein digital kontekst. Dersom vi ikkje gjer noko, er det fare for at det forsvinn. Men dette er eit løft vi må gjere i fellesskap med andre, Microsoft aleine kan ikkje gjere det, seier Rana til Nynorsk pressekontor.

Abid Raja og
Kristine Beitland, direktør for samfunnskontakt i Microsoft, kultur- og likestillingsminister Abid Raja og Shazhad Rana, teknologidirektør i Microsoft Norge deltok på møtet, i tillegg deltok distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland digitalt. Foto: Anne Sigrid Hundere / Nynorsk pressekontor

Forstår reaksjonane

Han trur også mykje handlar om bevisstgjering rundt språket.

– Outlook på Iphone har ikkje støtte for nynorsk. Vi testa ut om det ville få brukarar om vi gjorde det tilgjengeleg på nynorsk, noko som enda med 457 nynorskbrukarar. Det viser at det også krevst ei bevisstgjering om bruken av nynorsk.

– Kva tenkjer du om reaksjonane de har fått på endringa i menyspråk?

– Dei er forståelege om folk har trudd at vi fjernar nynorsk og hindrar moglegheita til å skrive nynorsk. Det er ikkje det vi gjer, det er menyane som vil vere på bokmål, seier Rana.

Dialog med språkaktørar

Kulturminister Abid Raja lovar å setje Microsoft i dialog med Nasjonalbiblioteket, Språkrådet og Språkbanken.

– Vi kan ikkje påleggje teknologiselskapa å gjere dette, men vi håper dei er sitt samfunnsansvar bevisst. Microsoft har sagt at dei vil gjere ei ny vurdering, men at det er teknologiske utfordringar dei ikkje klarer å løyse aleine.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....