Heim Nyhende Mobil barnehageavdeling

Mobil barnehageavdeling

Frå april i år har Tonning barnehage i Stryn hatt eiga avdeling på buss.

Då behovet for fleire barnehageplassar ved barnehagen melde seg, investerte Stryn kommune i eigen barnehagebuss for å koma auken i møte.

– Det er billegare for kommunen å kjøpa ein barnehagebuss enn å byggja ein ny avdeling, seier styrar i Tonningen barnehage, Eva Sefland. Ein slepp å kjøpa tomt og venta på sakshandsaming. Bussen som Tonningen barnehage tok i bruk i april i år, kosta kommunen 2.5 millionar kroner. I bussen har borna eige kjøken, tørkeskap, garderobe og gode sikra seter å sitja i. I tillegg har dei med seg alt dei treng anten det er redningsvestar eller regnklede. Mobilavdelinga har brakker, innreia til base der dei kan opphalda seg før dei reiser med bussen og til dei vert henta etter endt buss- og barnehagedag.

Ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, understrekar at barnehagebussen ikkje skal erstatta vanlege barnehageavdelingar, men vera eit godt alternativ.

– Den nye bussen gjev oss nye høve til å koma oss ut av sentrumskjernen og til skogsområda, fortel barnehagestyrar Sefland.

I dag er det fire- og femåringar som vert prioriterte på den mobile avdelinga.

– Det kan fort bli ei utfordring å finna på nye spennande ting for born som har gått i barnehagen sidan dei var eitt år, seier Sefland. Nå har me høve til å koma oss der me vil når me vil.

I tillegg til fire- og femåringane får borna på dei andre avdelingane nytta bussen når den er ledig.

Svensk idé

Ideen til barnehagebussen kjem frå svenske Solveig Sunnebo.

– Som eigar av fleire svenske private barnehagar ynskte ho å finne noko som kunne tenna gløden i augene til pedagogane, fortel Sefland. Sunnebo vart inspirert av bussbruk i Danmark, men ville få laga ein buss som oppfølgde skandinaviske krav, og som var meir komfortabel for barnehageborn.

I Noreg samarbeida Sunnebo med Vest Buss Industri i Stryn om å få utvikla ein buss med alle fasilitetar for ei barnehageavdeling.

Tonning barnehage i Stryn fekk tilbod om å vera med i denne prosessen, og barnehagen stilte med forsøksborn til bussen, fortel styrar Eva Sefland. Her fekk borna ta del i heile prosessen frå skisser til ferdig produkt.

Stimulerer språket

Barnehagebussen gjer at borna når lett ut til nye miljø. Ved hjelp av bussen får borna nytta seg av mange natur- og friluftsområde i kommunen og borna kan reisa på besøk til andre barnehagar, bedrifter, og få ta del i gardsbesøk og kulturaktivitetar.

Sefland meiner den mobile barnehagen også er god for språkopplæringa til borna.

– Får borna sjå og ta på ein frosk når dei er ute i naturen er det mykje større sjans for at dei hugsar ordet, enn om dei berre høyrer det, seier ho. Ikkje minst er språktreninga veldig bra for dei  minoritetsspråklege borna i Tonning barnehage, som tel rundt 20 prosent av barnehageborna.

– Her vert ein ”tvinga” til å prata, og det er ikkje så lett å skli gjennom dagen usett. Målet er at minoritetsspråklege barn i barnehagen skal ha 5 av dei 22 plassene i bussen, avsluttar Sefland.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...
Vidaregåande skule

Føreslår å fastsetja hovudmål på vidaregåande skular

I forslaget til ny opplæringslov føreslår regjeringa fleire større og mindre endringar til språk på skulane. Departementet føreslår blant anna: å vidareføra at kommunen skal...

Frieriet i Todalen – kva skjer med Vangsgutane no?

Vi har intervjua tekstforfattar Kjartan Helleve om dei siste hendingane rundt teikneseriefigurane Vangsgutane, som kom fram i siste utgåva om dei ved juletider. Faste...