Heim Nyhende Musikk, språk og identitet på Riddu Riddu

Musikk, språk og identitet på Riddu Riddu

Musikarane Mari Boine, Buffy Sainte-Marie, Moana og Oki vil bidra til å gjera unge medvitne på eige språk og identitet ved å dela av sine eigne erfaringar på seminaret om urfolksspråk under urfolksfestivalen Riddu Riddu i Nord-Troms i dag.

Dei har alle til felles å nytta musikk som formidling av språk og målet er å gjera ungdom interessert i språk, ved å syne korleis ein kan bevara og utvikla språket via musikk, fortel festivalleiar Kirsti Lervoll til nrk.no.

Den samiske musikaren Mari Boine har sjølv tatt viktige språkval og ho syng på samisk når ho er på verdens scenar, medan Cree-indianeren og musikar Buffy Sainte-Marie har utvikla eit eige språkprogram om korleis ein kan bevara språket, som blir nytta av fleire indianerreservat i Kanada.

Samlar samiske språk

I samband med det nasjonale språkåret har Riddu Riddu i samarbeid med Kåfjord Språksenter og Sámi Giellagáldu publisert eit nytt hefte der alle samiske språk blir presenterte. Språkheftet er illustrert av den samiske kunstnaren Anders Sunna (Sápmi/Sverige).

Urfolksfestivalen i Nord Troms, Riddu Riddu, vert i år skipa 10.-14. juli og presenterer eit breidt program innan musikk og kultur for barn og vaksne.

Festivalen er ein internasjonal urfolksfestival, som årleg finn stad i Kåfjord kommune i Nord-Troms. Riddu Riddu omsett til norsk er «liten storm på kysten». Målet med festivalen er å bringa fram både samisk og annan urfolkskultur.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...