Heim Nyhende Mykje feil på nettsidene til kommunane

Mykje feil på nettsidene til kommunane

Heimesidene til kommunane er fulle av feil og ikkje til å stola på. Det viser ei undersøking Forbrukarrådet har gjort.

Undersøkinga viser at det er store manglar når det gjeld prisinformasjon på heimesidene til kommunane, fortel Aftenposten. Av dei ti prisane Forbrukarrådet leitte etter, fann testarane berre seks. Halvparten av desse var feil.

Undersøkinga omfattar dei hundre største kommunane og femti tilfeldig valde kommunar.

Det er sjette året på rad at Forbrukarrådet sjekkar kor gode kommunane er på service og informasjon.

– Situasjonen er blitt betre – alle kommunane har fått nettsider – men han er ikkje god nok når det gjeld informasjon. I tillegg til at mykje er feil, er mykje av informasjonen altfor vanskeleg å finne, seier leiar Randi Flesland i Forbrukarrådet til avisa.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete meiner resultatet er for dårleg og seier ho vil ta saka opp med KS, interesseorganisasjonen til kommunane. (NPK)

Førre artikkelStrid i Samlaget
Neste artikkelTove Lie sluttar i Samlaget

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...