Heim Nyhende Navarsete politimeldt

Navarsete politimeldt

Rød Ungdom politimelder no  Liv Signe Navarsete etter at ho fekk eit eit armbånd til ein verdi av minst 26.000 kroner frå Aker Yards.  

 

Navarsete fekk armbandet etter at ho døypte ei ferje.

– Grunnen til at me melder Navarsete er at denne saka er veldig alvorleg. Ho har motteke ei svært dyr gåve frå eit selskap som er blant dei største innan området ho hadde ansvaret for.Eg skjønar ikkje kvifor Aker Yards gir ei såpass dyr gåve utan å vente noko igjen for det. Me ynskjer at politiet undersøkjer om ho har brutt straffelova §276a som handlar om korrupsjon, seier leiar i Rød ungdom, Iver Aastebøl, til ABC Nyheter.

– Navarsete seier det er heilt vanleg å få «dåpsgåver», og det stemmer nok, men spørsmålet er om det er vanlig å få dåpsgåver til 26.500 kroner, seier Aastebøl.

Navarsete ynskjer ikkje å kommenentere saka.

– Det er ikke naturleg for meg å kommentere dette utover å vise til kva eg tidlegere har sagt om mitt forhold til Aker-systemet, skriv Navarsete i ei tekstmelding til ABC Nyheter.

– Eg var oppteken av å fylgje skattereglane då eg fekk dette armbandet i gudmorgåve ved ein skipsdåp medan eg var Samferdsleminister i november 2006. Armbandet vart gitt på eit offisielt arrangement.

Førre artikkelhjartesmil
Neste artikkelSpråkleg leik

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....