Heim Nyhende Navarsete vil ikkje slå saman kommunar

Navarsete vil ikkje slå saman kommunar

Kommunalminister Liv Signe Navarsete avviser at samanslåing er vegen å gå for å løyse problema i kommunesektoren.

Navarsete lova å kjempe for økonomiske rammer som er gode nok for kommunane då ho var til stades på Kommunenes Sentralforbunds haustkonferanse i heimfylket Sogn og Fjordane måndag.

Senterpartileiaren var også klar på at det er kommunane sjølve som må ta initiativet om det skal bli samanslåingar, skriv Bergens Tidende.

– Kommunegrensene er ikkje problemet. Grensene mellom primærhelsetenestene og spesialisthelsetenestene kan vera meir problematiske, sa ho.

– Eg er ikkje motstandar av færre kommunar, men er desidert mot tvangstanken. Tvangssamanslåing løyser i utgangspunktet ingen problem, understreka Navarsete.

Ho innrømmer overfor avisa at samanslåing kan løyse nokre problem enkelte stader, men at det ikkje løyser alle problem automatisk.

– Når det viser seg at berre halvparten av omsorgsarbeidarane på ein institusjon i Oslo er faglærte, så er det eit spørsmål om likeløn og arbeidstid. Når Solund kommune har eit liknande kompetanseproblem, så er det plutseleg på grunn av at kommunen er for liten. Forstå det den som kan, seier kommunalministeren. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...