Heim Nyhende No kan du bli med på kåringa av dei beste nynorske barne-...

No kan du bli med på kåringa av dei beste nynorske barne- og ungdomsbøkene

Bokåret 2019 startar med ei stor kåring av dei beste barne- og ungdomsbøkene på nynorsk.
 

Kva bok på nynorsk berre elskar du? Kva var mest spennande og kva bok fekk deg til å le mest? Eller kanskje var boka god på ein heilt annan måte?

– Me skal kåra dei beste nynorske bøkene innanfor fleire sjangrar, blant anna bildebøker, forteljingar, romanar, diktbøker og faktabøker. Då treng me hjelp av born, unge og vaksne over heile landet til å nominera sine favorittar, seier redaktør Svein Olav Langåker i Framtida.no og Framtidajunior.no i ei pressemelding.

Kåringa er i samarbeid med Pirion, og Nynorsksenteret er med å velje ut dei nominerte bøkene. Første nominasjonsrunde varer fram til 1. mars. Frå 29. januar kan kven som helst gå inn på Framtidajunior.no og Framtida.no og nominera sine favorittar.

SEND INN FAVORITTBØKENE DINE HER! eller på epost til nynorskbok @ gmail.com

Stort samarbeid

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har fått 500.000 kroner frå Nasjonalbiblioteket til feiringa av Bokåret. Saman med Nynorsk kultursentrum, Garborgsenteret, Falturiltu, Nynorsksenteret, Diktardagane og Rom for ord skal LNK, Framtida.no og Framtidajunior.no gi eit løft med gode lese- og litteraturopplevingar på nynorsk.

– Saman skal me arrangera barnebokveker med 50 arrangement 50 stader i Noreg, og me har som mål å treffa fleire tusen barn og unge, seier Svein Olav Langåker som er prosjektleiar for prosjektet.

Sjetteklassingane ved Kinsarvik skule har vore med på å kåra bøker i Bokslukarprisen. No får dei vera med på å føreslå sine nynorske favorittar. Maria Parr-boka Keeperen og Havet og Svarte-Mathilda-bøkene til Tor Arve Røssland er populære i klassen.

Har behov for å lesa bøker på nynorsk

76137 born lærer nynorsk som førstespråk i grunnskulen dette skuleåret. Om lag 35000 born går i barnehagar i nynorskområde.

Ny forsking frå professor ved UiT Øystein Vangsnes viser at nynorskelevane, og då særleg gutane, har behov for å lesa vesentleg meir nynorsk. Norskkarakterane deira har gått markert ned dei siste ti åra.

– Born med nynorsk som opplæringsmål treng å lesa mykje meir nynorsk for å bli tryggare skrivarar, understrekar Torgeir Dimmen, senterleiar ved Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda.

Kvalitetsstempel

Dei nynorske barnebøkene markerer seg langt sterkare enn den prosentvise delen av utgivingstalet, både på listene over slike innkjøp, når litteraturprisane blir delte ut og når utanlandske forlag kjøper rettar til omsetjing.

– Målet med kåringa er å visa fram alle dei gode bøkene på nynorsk til endå fleire barn og vaksne som kan formidla dei til barna, seier redaktør Svein Olav Langåker.

Med denne bakgrunnen vil eit stort lag av nynorskinstitusjonar og -organisasjonar bruka Bokåret 2019 til å fremja lesing til flest mogleg barn og unge.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...