Heim Nyhende Norske bønder dekkjer halvparten av matbordet

Norske bønder dekkjer halvparten av matbordet

Bønder i Noreg produserer nok til å dekkje halvparten av matvareforbruket i landet, viser tal frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf).

Sjølvforsyningsgraden av mat har dei siste åra auka takka vere effektivisering, fagkunnskap og betre avlingar.

Ifølgje Nilf var sjølvforsyninga av matvarer gjennom norsk landbruk i 2008 på 49 prosent. Talet tek ikkje omsyn til at deler av kjøttproduksjonen er delvis basert på importerte råvarer gjennom kraftfôr.

Deler av veksten kjem nemleg frå auka import av kornråvarer til kraftfôr. Samtidig blir det mindre jordbruksjord til å dyrke mat på, skriv Nationen.

Veksten i matproduksjonen bør i størst mogleg grad vere basert på lokale ressursar, meiner leiar Norges Bondelag Nils T. Bjørke.

– Vi er vane med at det er lett å få kjøpe mat i utlandet. Slik treng det ikkje vere til evig tid, og vi kan ikkje overlate jobben med å lage mat til andre. Mange menneske rundt om i verda har for lite mat i dag og matproduksjonen må aukast kraftig framover. Vi må ta vår del av ansvaret, og da må vi gjere det mogleg å ta vare på og utnytte jorda og ressursane vi har, seier han. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...