Heim Nyhende NRK vil ha eitt distriktskontor per fylke

NRK vil ha eitt distriktskontor per fylke

Leiinga i NRK opnar no opp om omorganiseringa i allmennkringkastaren. Målet er eitt distriktskontor per fylke.

 

Tillitsvalde i NRK har uttrykt motstand mot at det truleg blir reduksjon i talet på distriktskontor etter fylkessamanslåinga ved nyttår. No lettar NRK-leiinga på sløret om prinsippa for omorganiseringa, fortel Medier24.

Etter ei høyring i organisasjonen, har leiinga komme tilbake med tre forslag til organisering: distriktskontorstrukturen skal tilpassast samfunnsutviklinga for å spegla Noreg og løysa oppdraget best mogleg, NRK skal som hovudregel ha éi organisatorisk eining per fylke, men det er opning for at ei eining har ansvar for fleire fylke, og redaktøransvaret for eininga skal vera tydeleg. Lokal redaksjonell leiing skal tilpassast behov og oppdrag.

Ved nyttår blir talet på fylke i Noreg redusert til 11. Forslaget til NRK-leiinga betyr at fleire distriktskontor blir slått saman. I dag har NRK 15 distriktskontor.

– Eg kan ikkje slå fast at dei blir slått saman, der skal me gjennom ein vidare prosess. Men me kjem til å jobba vidare for at det blir éi organisatorisk eining, som blir leidd av éin distriktsredaktør i dei fylka, seier distriktsdirektør Marius Lillelien i NRK til Medier24.

Viken, Vestland og Troms og Finnmark er dei største av dei nye fylka. Dels med store geografiske avstandar og dels med stor befolkning. Det blir òg ein ny situasjon i Vestfold og Telemark. Noko av utfordringa for NRK blir å vere til stades lokalt, samtidig som dei skal ha ein redaktør som er ansvarleg for heile det nye fylket. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...