Heim Nyhende Ny forsking på språkskifte

Ny forsking på språkskifte

Utdanningsdirektoratet har sett i gang eit forskingsprosjekt for å få vite meir om korleis lærarutdanningane sikrar nynorskkompetanse hjå sine studentar og få svar på spørsmålet om kvifor elevar med nynorsk hovudmål skiftar til bokmål.

I rapporten frå «Ressursgruppe for nynorsk som hovudmål» kom det tydeleg fram eit ynske om å få konkret kunnskap om språkskifte: «Vi treng kunnskap om språkdelte klasser, skular og kommunar for å forstå kva prosessar som ligg bak målbyte. Utfordringar og problem for lærarane i slike klasser må også kartleggast.» På bakgrunn av rapporten har Utdanningsdirektoratet lyst ut eit prosjekt for å finne ut meir om dette. Proba samfunnsanalyse leverte inn eit anbod og har fått oppdraget. Dei samarbeider med to forskarar knytte til Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Vi har byrja arbeidet og skal vere ferdige til sommaren, fortel Pia Dybvik Staalesen. Ho er forskar i Proba samfunnsanalyse og er ei av dei som arbeider med prosjektet.

Personlege intervju
For å svare på spørsmålet om kvifor hovudmålselevane i nynorsk skiftar til bokmål, vil Pia Dybvik Staalesen og Proba samfunnsanalyse lage ei intervjuundersøking på tre ulike skular. Dette vil vere ungdomskular og vidaregåande skular i randområda for nynorsk.

– Vi har alt byrja med intervju. Vi intervjuar elevar om kvifor dei byter frå nynorsk til bokmål. Vi lagar også intervju med alle ikring elevane. Det vil seie lærarane, skuleleiing og skuleeigar, seier Pia Dybvik Staalesen. Dette vil vere personlege intervju, og i tillegg prøver dei også å få med foreldreperspektivet.

Ho fortel at dette er eit spennande prosjekt, og at det er veldig interessant å få høve til å gjere feltarbeid.

– Det er morosamt å få drive feltarbeid; å få snakke med elevane og lærarane direkte, og få eit inntrykk av korleis dei tenkjer og korleis språkskifte føregår, seier Pia Dybvik Staalesen.

Kvifor språkskifte
Pia Dybvik Staalesen seier at det er for tidleg å seie noko om resultat frå undersøkinga. Det vert lagt fram når forskingsprosjektet er ferdig. I rapporten frå «Ressursgruppe for nynorsk som hovudmål» vert det peika på nokre moglege grunnar til språkskifte. Som til dømes at det vert lagt administrativt til rette for at eleven skal krysse av for bokmål, at undervisninga i hovudsak er på bokmål og at det vert oppfatta som taktisk lurt å skifte til bokmål som hovudmål. Ressursgruppa peikar på at noko kunnskap har vi frå både rapporten «Språkfakta for Sogn og Fjordane» og til prosjektet «Målstreken» frå Valdres vgs. på Fagernes og Firda vgs. på Sandane.

Todelt prosjekt
Utdanningsdirektoratet er også interessert i korleis lærarutdanningane sikrar at studentane lærer nynorsk.

– Den andre delen av prosjektet skal svare på korleis lærarutdanningane sikrar nynorskkompetansen hjå sine studentar, seier Pia Dybvik Staalesen. Denne delen av prosjektet er ein dokumentanalyse. Proba samfunnsanalyse vil gå gjennom læreplanane for alle lærarutdanningane, både høgskulane og universiteta. Der vil dei sjå etter til dømes kva slags nynorskkrav institusjonane stiller til studentane sine. I etterkant av dokumentanalysen vil forskarane deretter gjere nokre telefonintervju for å få grundigare informasjon mellom anna om kva val dei har gjort når dei lagar læreplanar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...