Heim Nyhende Ny publikumsrekord for Dei nynorske festspela

Ny publikumsrekord for Dei nynorske festspela

Ny festspeldato opna dørene til fleire arenaer og nye programkonsept. Det førebelse gjestetalet på 7823 er det beste nokon gong.

– Det er særleg gledeleg at dei mange programpostane om språk og litteratur nådde ut til så mange, både til allmenta og til meir enn tusen skuleelevar. Slikt gir meining for ein institusjon som arbeider med heile den nynorske skriftkulturen, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding.

– Takkar for tilliten

Festspeldiktar Marit Eikemo takkar for tilliten og fire fantastiske dagar:

– Takk til eit strålande entusiastisk publikum som fylte salane på alle arrangement og som bidrog til den fabelaktige festivalstemninga. For meg har dette vore eit eventyr, ein festival med høgt fagleg nivå på alle arrangement, interessante,  overraskande og underhaldande samtalar og strålande konsertar, seier Eikemo, som også fekk overraskande mange sunnmøringar til å ete hakkasteik frå Hardanger, som var festspeldiktarens favoritt på kafémenyen.

Stor breidde i programmet

70 programpostar med stor variasjon i innhald har gitt publikum alt frå gode samtalar om festspeltemaet identitet, tingingsverket Ferdaminne av Tord Gustavsen, operaen Kimen av Magnar Åm, ei særeigen, litterær vising av eit hus til sals med Frode Grytten og festspeldiktaren, mykje liv i sentrumsgatene og sterke, musikalske opplevingar i uteamfiet i Ivar Aasen-tunet.

LES SAKA: Grytten og Eikemo på visning utanom det vanlege

– Godt samarbeid med lokalmiljøet og innsatsen til den faste staben, alle ekstrahjelpene og dei mange frivillige er heilt avgjerande for at Dei nynorske festspela kan vere så innhaldsrike og femne så vidt som vi gjer, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik, som er svært nøgd med å ha flytta Festspela til tidlegare i juni.

– Det har gitt oss mange fordelar og nokre få ulemper å framskunde Festspela, samstundes som vi ser grep vi kan gjere til neste år for å bli endå betre.

DEI NYNORSKE FESTSPELA
  • Ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen
  • Arrangert av Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 27. gong
  • Sjangeroverskridande festival for litteratur, språk, musikk og biletkunst
  • Om lag 70 medarbeidarar og frivillige avvikla 70 arrangement
  • Om lag 200 utøvarar var med på Festspela
  • Årsbudsjett på 2,2 millionar kroner
  • I 2019 blir Dei nynorske festspela arrangerte 13.–16. juni

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...