Heim Nyhende Nye millionar til styrking av nynorsken

Nye millionar til styrking av nynorsken

Nye millionar til styrking av nynorsken

Av LNK NYTT 22.okt.2008

Regjeringa løyver 6 millionar kroner ekstra til nynorske læremiddel i 2009.

Saman med fleire andre tiltak skal ekstraløyvinga sikre at læremidla kjem på begge målformer i tide til skulestart.
Løyvinga kjem saman med fleire andre tiltak som skal bidra til å styrkje det nynorske skriftspråket både i skulen og den offentlege forvaltinga.

Til saman blir satsinga på nynorske læremiddel justert opp frå 17 til 23 millionar kroner. I tillegg skal det brukast meir pengar på kursing av lærarar og andre offentleg tilsette i nynorsk. Regjeringa vil dessutan halde eit strengare auge med både fylkeskommunane og forlaga slik at nynorskelevane får lærebøkene dei skal ha ved skulestart.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV), kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) og fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV) la saman fram opplegget sitt for nynorsksatsinga til regjeringa onsdag ettermiddag på Ivar Aasen-tunet Ørsta.

Kompetanseheving
I tillegg til ekstraløyvinga på 6 millionar kroner til produksjon av nynorske læremiddel i 2009 skal også nynorskkompetansen blant lærarar og førskulelærarar få eit løft.

Oppfølginga av lærebokinnkjøpa i fylkeskommunane skal også bli strammare.

– Vi vil lage ein bestillingsguide for fylkeskommunane og be om rapportering slik at vi er heilt sikre på at bøkene blir bestilte i tide. Likeins vil vi be forlaga om ein rapport, slik at vi er heilt sikre på at dei produserer utgåver på nynorsk samtidig med bokmålsutgåvene, seier Bård Vegar Solhjell til NTB.

Nokon garanti for at absolutt alle lærebøker ligg føre på nynorsk ved skulestart vil han ikkje gi. At det skal bli betre enn det har vore, føler han seg derimot temmeleg trygg på.

Klart språk i staten
Regjeringa lanserer også eit prosjekt for klart språk i staten. Offentleg tilsette får tilbod om kurs slik at dei skal meistre nynorsk betre.

– Nynorskkunnskapane er for dårlege blant dei som har nynorsk som sidemål. Resultatet er ofte eit tungt og klossete språk, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.

I den sitjande regjeringa er det ingen som ønskjer å fjerne den obligatoriske nynorskopplæringa i skulen.

– Vi skal framleis ha obligatorisk opplæring i eitt hovudmål og eitt sidemål i Noreg. Det har brei støtte, seier Solhjell.

Ny pris til nynorskkommunar
Ifølgje kunnskapsministeren er det Framstegspartiet og Høgre nynorskfolket har grunn til å frykte. I den sitjande regjeringa er det ikkje eingong nokon som leiker med tanken om å ta bort det obligatoriske sidemålet.

Regjeringa varslar meir pengar til fleire nynorskinstitusjonar i 2009 og vil inspirere kommunane til å følgje opp ved å etablere prisen «Årets nynorskkommune».

– Mange av dei 116 nynorskkommunane her i landet kan vere gode eksempel for andre. Eg vil, saman med Landslaget for nynorskkommunar, utarbeide kriteria for ein eigen nynorskpris, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Kleppa vil at kommunane skal rapportere betre om bruken av nynorsk og oppmodar samtidig kommunane til å bruke nynorsk som del av omdømmearbeidet sitt. Det skjer mellom anna gjennom nettsida Ry, der regjeringa håper at kommunar og regionar i Distrikts-Noreg vil ta i bruk nynorsk i omdømmebygginga. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...