Heim Nyhende Nynorsk - eit språk for framtida?

Nynorsk – eit språk for framtida?

Statssekretær i Kulturdepartementet, Kjersti Stenseng, kjem til Landstinget 2013 for å snakke om framtida til nynorsken. 

Landstinget til LNK blir arrangert på Voss i april. Temaet er nynorsk i Språkåret 2013 – ein statusrapport.

Det er også prosjektleiar i Språkåret, Inger Johanne Sæterbakk, som skal opne landstinget, saman med ordførar på Voss, Hans Erik Ringkjøb og styreleiar i LNK, Astrid Myra Aarvik. 

Landstinget går av stabelen 23 – 25 april og skal arrangerast i det nye kulturhuset på Voss. Her blir det også kulturkveld i god nynorsk tradisjon på landstinget sin første kveld. Kulturkvelden skal leiast av Per Inge Torkelsen, i tillegg vil ein møte Sigrid Moldestad, Twang Gang, Arne Anderdal og Olav Undeland. Gjennom dagane på landstinget blir det varierte tema og debattar om nynorsken sin posisjon fleire stadar i samfunnet. Blant anna skal direktør ved Ivar Aasen – tunet, Ottar Grepstad stille spørsmålet om nynorsk er eit stort språk i verda, og eit lite i norske kommunar.

Det blir også paneldebatt om nynorsk i media. Her deltar programdirektør i NRK, Per Arne Kalbakk , administrerande direktør i ABC Startsiden, Espen Udland, ansvarleg redaktør i Firda, Yngve Årdal og debatt- og kulturredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik. Teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater, Terje Lyngstad skal snakke om nynorsk på scenen, medan direktør i Norsk Filminstitutt, Nina Refseth skal snakke om nynorsk på lerretet. Litteratur, næringsliv , suksesfulle distriktskommunar og språkleg framtid blir også tema under landstinget.

Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug tar for seg nynorsk som bruksspråk i næringslivet. Forlagsredaktør , barne – og ungdomslitteratur i Det Norske Samlaget, Ragnfrid Trohaug og forlagssjef i Fagbokforlaget, Arnestein Bjørke ser på den nynorske litteraturen. Høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jan Olav Fretland møter representantar frå Venstre, Høgre og AUF i ein debatt om det norske språket – etter Språkåret. Og Årets kommuneprofil og ordførar i Austevoll kommune, Helge Andrè Njåstad fortel om kva som skal til for å bli ein suksessfull distriktskommune.

Fristen for å melde seg på landstinget går ut i morgon. 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...