Heim Nyhende Nynorsk i skolane og lærarutdanninga på Austlandet

Nynorsk i skolane og lærarutdanninga på Austlandet

Høgskolen i Hedmark, Lærarmållaget og Hamar dialekt- og mållag inviterer til seminar på Hamar med nynorsken på Austlandet som hovudemne. 

 

Seminaret er spesielt for lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte.

Laurdag 13. februar klokka 11-15 på Høgskolen i Hedmark, campus Hamar i auditorium 3. 

11.00 Velkommen
11.05 Nynorsk i lærarutdanninga ved Knut Øystein Høvik, studieleiar på grunnskolelærarutdanninga, Høgskolen i Hedmark

11.30 Haldningar til nynorsk hos studentar og lærarar ved Jens Haugan, dosent, Høgskolen i Hedmark

11.55 Mål og mening? Om haldningane hos elevane til nynorsk og nynorskundervisning i vidaregåande skule ved Dag Freddy Røed, høgskolelektor, Høgskolen i Hedmark
12.20 Pause 

13.00 Korleis er det det elevar/studentar tenkjer når dei skriv på nynorsk? ved Tormod Stauri, høgskolelektor ved Høgskolen i Hedmark

13.25 Østfold er fjernt frå «nynorskland», men likevel mykje i dialekta som kan brukast i nynorskundervisninga ved Magne Aasbrenn, lektor ved Frederik II vidaregåande skole og leiar i Østfold Mållag
13.50 Pause

14.00 Sidemålsopplæringa i eit fleirspråkligheitsperspektiv ved Lars Anders Kulbrandstad, professor ved Høgskolen i Hedmark

14.25 Språkhistorie og symbolmakt ved Gunnar Skirbekk, professor em., Universitetet i Bergen
14.50 Avslutting

Det er sett av litt tid til debatt etter kvart innlegg. 

Seminaret er ope for alle og det er gratis. Det er ikkje servering i pausane. Det er kaffiautomat. Men ta gjerne med matpakke og termos! 

Kontaktperson for seminaret er Jens Haugan. E-post: jens.haugan@hihm.no

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...