Heim Nyhende Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten er eit samarbeid med lokallaga, Nynorsksenteret, Nynorsk bedriftsforum, Nynorskommunane (LNK) og Nynorsk kultursentrum.

Gjennom tre heile veker vert det snakka om nynorsk med ordførarar, kommunedirektørar, oppvekstsjefar, tilsette i barnehagar og på skular, på bibliotek og med lokalt næringsliv for å nemna nokre. På kvelden er det mållagsmøte med lokale mållag og kanskje kulturkveldar.

Nynorsk bedriftsforum skipar til lunsjmøter med Linda Eide, og oppmodar og inspirerer lokalt næringsliv til å nytta nynorsk og bli nynorskbedrifter.

– For Mållaget er dette eit svært godt høve til å få snakka direkte med mange som er svært viktige for nynorsk skriftspråk i det daglege. Då er det avgjerande at kommunane ser kor viktige dei er for skriftspråket i lokalsamfunnet, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Tre veker med Nynorskstafetten i Rogaland opna med Språk til lunsj i Suldal på Suldal kulturhus sist veke. Hovudtrekkplasteret Linda Eide og Nynorsk bedriftsforum inviterte det lokale næringslivet til ein prat om nynorsk i næringslivet.

Nynorskstafetten besøkte kommuneleiinga i Strand kommune fredag sist veke. Foto: NM

Tysdag siste veke inviterte Rogaland fylkeskommune til plandag for lærarar. Den er i Stavanger, og då innleidde Synnøve Marie Sætre, senterleiar på Nynorsksenteret, om måtar for å styrkja språkleg sjølvtillit og andre metodar i nynorskopplæringa. Prosjektmedarbeidar for Meir mål i Rogaland, Trond Salte, snakka om prosjektet og tilboda til LNK, og Molde vgs snakka om korleis dei arbeider med å skapa språkleg sjølvtillit hjå nynorskelevar.

Molde vgs har sett i verk tiltak for å få nynorskelevar til å halda på språket sitt, og dette er eit svært aktuelt emne også for dei vidaregåande skulane i Rogaland.

Starten på Nynorskstafetten var i Språkåret 2013. Då feira Noregs Mållag og Norsk Målungdom Ivar Aasen med å reisa på Nynorskstafett i godt over 150 dagar. Seinare har det blitt om lag tre veker kvar haust.

Den fyrste haustveka var Nynorskstafett-bilen i Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand. I veke to (10. til 14. november) skal Nynorskstafetten til Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal og Bjerkreim. Den siste veka (frå 17. til 21. november) skal stafetten til jærkommunane Klepp, Hå og Time.

Du kan sjå programmet for alle dagane her: https://www.nm.no/kalender/

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...