Heim Nyhende Nynorskstipend til filmdistributør

Nynorskstipend til filmdistributør

Filmdistributør Stig Bjarte Brekke har fått 50.000 i stipend frå Noregs Mållag for å dubba eller teksta barne- og ungdomsfilmar til nynorsk.

 

 

Noregs Mållag deler kvart år ut to arbeidsstipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. I år går det eine stipendet til filmdistributør Stig Bjarte Brekke. I vinter gjekk «Reisa til Fjørkongens rike» på norske kinoar med nynorske plakatar og vestnorsk talemål.  

– Då eg såg filmen, kom eg til å tenkja på Kolbjørn Falkeid og Vestlandet, sa Brekke då han takka for stipendet.

– Slik kom ideen om berre å ha vestnorske dialektar i filmen. Då eg kom i kontakt med Nordub-studioet, og dei henta inn hovudrolleinnehavar Martin Svendsen Dimmen som eg kjende litt til frå NRK, vart eg heilt sikker. Filmen måtte distribuerast på nynorsk, og det var enkelt å få det til, sa Brekke.       

Brekke driv det vesle distribusjonsselskapet Kontxt Film, som ynskjer å få gode nordiske barne- og ungdomsfilmar til norske kinoar. Stipendet skal nyttast til ei DVD-utgåve av «Reisa til Fjørkongens rike» og til å dubba eller teksta ein ny film til nynorsk.

LES OGSÅ: Reisa til dialektriket

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, understreka kor viktig dette arbeidet er.   

– Brekke arbeider i spissen for ein bransje som er i ferd med å oppdaga det språklege mangfaldet her til lands. Det blir meir og meir dialekt i filmar og tv-seriar for dei yngste, men ingen gjer det så gjennomført som Brekke har gjort det med denne filmen. Ungar utanfor det sentrale austlandsområdet møter talemålet sitt på kino, og fleire ungar møter nynorsk uansett kvar dei bur.  Brekke står i spissen for dette viktige målarbeidet, sa Tennø.   

Stipendet vart delt ut hjå Noregs Mållag i Oslo.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...