Heim Nyhende Oddvar Torsheim bokaktuell

Oddvar Torsheim bokaktuell

Multikunstnaren Oddvar Torsheim fyller 75 år i helga, og dagen feirar han mellom anna med sleppet av boka «Solveigs aller siste song til sin ex».

 

Heilt sidan biletkunstnaren i 1960-åra vart inspirert av amerikansk popkunst, har han leika seg med å omsetje pop- og rock-tekstar til norsk. Han har nytta songar av The Beatles, Bob Dylan og Jørn Hoel som ramme for å skape sitt eige univers –  eit univers sett frå Halbrensdlia i Førde. I den nye boka si «Solveigs aller siste song til sin ex» er det eit knippe av desse songtekstane Torsheim presenterer, illustrert med skribleri, teikningar og andre surrealistiske innfall.

–  Det er vel ikkje nødvendig at alt i tekstane heng i hop, og at det er heilt korrekt, berre det fyk av garde på den rette måten? seier Oddvar Torsheim.

I kunsten er Torsheim samfunnskritisk, og han ser gjerne på fordommar med eit humoristisk blikk. Sjølv kallar han seg for «biletkunstnar med musikalske terapeutiske sidesprang», og songtekstane, eller «remsene» som han kallar dei, går ofte over stokk og stein i vilter livsglede. Men under all humor og galskap finn vi også tristesse og poesi som avslører ein reflektert person bak klovnemaska, skriv forlaget Skald i ei pressemeldings.  

Boka vert sleppt i samband med Oddvar Torsheims 75-årsdag 2. november 2013. (©NPK)  

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...