Heim Nyhende Ordføraropprop sendt til departementet

Ordføraropprop sendt til departementet

Oppropet frå 50 ordførarar som ønskjer at innvandrarar må få norskopplæring på nynorsk har no hamna i rett departement.

Anne Margrethe Eidhammer frå Vindafjord har no fått svar frå Kunnskapsdepartementet på oppropet der 50 ordførarar frå ulike nynorskkommunar har skrive under på eit krav for å få undervisningsmateriell for framandspråklege på nynorsk. Departementet svarte med å takke for brevet og la vekt på at dette var noko dei ville ta med seg vidare i arbeidet. Noko som skuffa Eidhammer.

– Ja, dette er tannlaust. Det er ikkje eit svar, men berre ei registrering av at dei har lest brevet,  seier ho til lokalavisa Grannar.

No beklagar departementet svaret og viser til at brevet høyrer heime i Barne – og likestillingsdepartementet.

– Eg skjønar godt at ho er misnøgd med svaret, og me burde ha opplyst at dette ikkje var heilt vårt ansvarsområde, seier statssekretær Lisbeth Rugtvedt (SV) til Bergens Tidende.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...