Heim Nyhende Ordføraropprør mot regjeringa

Ordføraropprør mot regjeringa

Ni fylkesordførarar rettar knallhard kritikk mot regjeringa i ein kronikk i Stavanger Aftenblad måndag. Sju av dei høyrer til regjeringspartia.

Fylkesordførarane meiner at Vestlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg blir diskriminert når det gjeld fordelinga av helsepengane.

Fylkesordførarane brukar karakteristikken «særdeles grovt maktovergrep» om situasjonen. Dei viser til Magnussenutvalet som tidlegare i år konkluderte med at Helse Sør-Aust får 781 millionar kroner for mykje i forhold til dei tre andre helseregionane.

Dei ni fylkesordførarane er opprørte over at utvalets konklusjon ikkje vart nemnt med eit ord i revidert nasjonalbudsjett, skriv Stavanger Aftenblad.

Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad (Ap) ønskjer ikkje å kommentere kronikken.

Torsdag denne veka skal Stortinget diskutere sjukehusøkonomien. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...