Heim Nyhende Ottar Grepstad med ny språkbok

Ottar Grepstad med ny språkbok

Ottar Grepstad lanserer no ei ny språkbok som tek for seg språksituasjonen i verda.

I Språksansen. Kalender om alle verdas språk gjer han historiske og geografiske dykk, rissar opp dei viktigaste språkfakta, siterer forfattarar og språkforskerar. 270 språk er nemnde i kalenderboka, likeså 366 forfattarar, ein for kvar dag i året.

– Dette er ei bok med brei kunnskap og glede for språk i sjølvaste språkåret. Kvar dag har ei forteljing frå språkhistoria verda rundt, opplysningar om ein forfattar som blei fødd eller døydde, og eit ord for dagen om språk. Det heile er lagt til rette med overblikk og språkglede, sans for detaljar og glimt i auga, skriv Samlaget om boka.

Forteljingane rommar 5000 år og nærmare 300 språk. Boka er søstera til biografien om Ivar Aasen som Grepstad lanserte i august, dei to bøkene vart skrivne parallelt.

Ottar Grepstad (f. 1953) er direktør i Nynorsk kultursentrum, forfattar og hovudredaktør i Allkunne. Han har gitt ut over 25 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...