Heim Nyhende Over 1200 på Vinje-jubileet i helga

Over 1200 på Vinje-jubileet i helga

 

– Det har vore ein overveldande respons frå publikum, og hovudmarkeringa i Vinje-jubileet blei ei god blanding av feiring og nytenking. Eg takkar den lokale arrangementskomiteen og alle dei gode hjelparane våre, seier leiar Jon Rikard Kleven i den nasjonale jubileumskomiteen for Vinje-jubileet.

 

Hovudmarkeringa i Vinje fredag–søndag samla over 1200 gjester på eit dusin arrangement med over 60 utøvarar og fleire titals frivillige.

Denne helga var det også store Vinje-arrangement andre stader. På Gran samla Gran Historielag og Gran bibliotek same helga fullt hus til seminaret «Aasmund Olavsson Vinje på nært hald». I Oslo opna Nasjonalbiblioteket utstillinga «Journalistikk – fridomens sjanger?» og publiserte alle kjende tekstar av Vinje i Drammens Tidende som e-bok.

Ikkje spørsmål om, men når Vinje-senteret kan opnast

Diktaren, journalisten, essayisten og folketalaren Aasmund Olavsson Vinje var fødd 6. april 1818 og døydde 30. juli 1870.

Vinje kommune tok i 2014 initiativet til ei nasjonal feiring, og hovudmarkeringa i Vinje blei gjennomført saman med Nynorsk kultursentrum. To nye bøker blei utgitt, Vinje kommune hadde kosta restaurering av Vinjestoga, og gjennom foredrag, samtalar og konsertar blei mange sider av Vinjes liv og verk dekte.

– På festmiddagen laurdag kveld forplikta både stortingspolitikarane frå Telemark og leiaren i hovudutvalet for kultur i Telemark fylkeskommune seg om Vinje-senteret for dikting og journalistikk, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

– Det er ikkje lenger eit spørsmål om, men når Vinje-senteret kan opnast med eit komplett publikumstilbod.

Olav Nordstoga, Olav Vesaas og Ottar Grepstad i samtale om A.O. Vinje. Foto: Geir Netland

Takkar Vinje kommune

Grepstad meiner Vinje kommune fortener stor takk for det ansvaret dei tek for å halde Vinjes forfattarskap i hevd.

– Berre på dette jubileet satsar Vinje kommune meir enn mange kommunar bruker på kulturtilbod eit heilt år, seier Grepstad.

Til no har det vore gjennomført meir enn 80 Vinje-arrangement mange stader i landet, og fleire hundre er under planlegging.

A.O. Vinje blir også festivalprofil under Litteratrurdagane i Vinje 24.–26. august.

– Der er meir å seie om Vinje. Han trakka veg i ei brytingstid med kunne, klokskap og vri, og det vonar vi vil prege festivalen, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala i Vinje-senteret.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...