Heim Nyhende Raskonferanse skal surfe på bølgjefilm

Raskonferanse skal surfe på bølgjefilm

To dagar før katastrofefilmen «Bølgen» har premiere i august, skal det vere ein stor konferanse i Geiranger om rasovervaking og varsling.

 

Filmen har premiere 28. august i år og 26. og 27. august inviterer Stranda kommune til ein stor raskonferanse på Hotel Union i Geiranger.

– Det er ikkje tilfeldig at vi held denne konferansen i dagane før filmpremieren, seier ordførar Jan Ove Tryggestad til Sunnmørsposten.

Han fortel at dei legg opp til ein konferanse med eit høgt, fagleg innhald. Det kjem føredragshaldarar frå både inn- og utland som skal snakke om overvaking og varsling i samband med fjellras.

Stranda-ordføraren ventar stor interesse for temaet, ikkje minst på grunn av filmen «Bølgen» som er spelt inn i området. Han håpar raskonferansen vil etablere seg som ei årleg hending, skriv avisa. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

MEST LESE

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Nynorskhuset: Det nye, nynorske fyrtårnet

Denne helga opnar Nynorskhuset i Førde. Målet er rett og slett å bli eit nasjonalt kraftsentrum for språk og kultur. – Sogn og Fjordane er...

Nynorskbrukarar flest kjenner seg aksepterte og stolte – men 1 av 6 har fått negative tilbakemeldingar det siste året

Over 16 prosent av nynorskbrukarane har fått negative tilbakemeldingar for språkbruken sin det siste året. To tredjedelar av nynorskbrukarane er heilt einige i at dei...

Slutten for Ålesund som nynorskkommune: – Frykteleg synd

Ålesund har vore den største nynorskkommunen i landet sidan 2019. No vil det nyvalde fleirtalet i kommunestyret at kommunen skal bli språknøytral. Det skriv NRK...