Heim Nyhende Rekordmange har førehandsstemt

Rekordmange har førehandsstemt

Fredag var siste fristen for å førehandsstemme til kommunestyre- og fylkestingsvalet. Fram til onsdag var det registrert rundt 407.000 førehandsstemmer, noko som er ny rekord.

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 vart det gitt rundt 374.000 førehandsstemmer.

– Det er svært gledeleg at så mange veljarar bruker stemmeretten sin. Dei mange førehandsstemmene gjer at eg håper vi får svært høg valdeltaking også på valdagen. Dette viser at innbyggjarane hegnar om lokaldemokratiet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

Av dei 407.000 stemmesetlane som var registrert til og med onsdag, er rundt 21.300 komne gjennom prøveordninga med e-stemmer, som blir gitt som førehandsstemme over internett. Berre i Oslo er det registrert over 67.000 stemmer.

Førehandsstemminga blir avslutta fredag. Etter den tid må du troppe opp på valdagen 12. september for å få stemt i valet. I 195 kommunar er det også høve til å stemme søndag 11. september.

Har du først levert førehandsstemme, kan du ikkje angre og stemme på nytt på valdagen. Førehandsstemma er endeleg. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...