Heim Nyhende Saknar språkpolitikk for kvardagane

Saknar språkpolitikk for kvardagane

– Dei fire regjeringspartia ser språkmangfaldet i Noreg, men følgjer ikkje opp med konkrete tiltak for å gjere det enklare og kjekkare å vere nynorskbrukar, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark.

– Formuleringane om språk i plattforma er vage. Regjeringa vil styrkje, arbeide for, vurdere og greie ut, men kjem ikkje med ny konkret språkpolitikk. Det gjer behovet for språkpolitisk engasjerte statsrådar for kultur, kunnskap, næring, forsking og offentleg sektor stort, utdjupar han.

Regjeringsplattforma er meir konkret om urfolks- og minoritetsspråk enn om nynorsk og bokmål, seier Sandsmark i ei pressemelding.

Les også: Dette har H, Frp, V og KrF vorte einige om

Språk i kvardagen

Lovnaden om språklov i Jeløy-plattforma lev vidare i Granavolden-plattforma.

– Dei norske skriftspråka må vere synlege i kvardagen. Engasjementet regjeringa Solberg har synt for norsk språk i akademia, klarspråk i staten og språkteknologi må føre til konkrete tiltak, seier direktør Sandsmark.

Han peikar særleg på behovet for lærebøker i profesjonsfag, som sjukepleie, grunnskulelærar, politi og sosialfag, på nynorsk og bokmål.

– Lærebøker fell utanfor både forskings- og kulturpolitikken. Det er synd. Vi treng gode fagfolk som kan snakke og skrive om faga sine til folk flest på norsk, seier Sandsmark.

Les også meiningsinnlegget til Sandsmark: Nynorskbrukarane må få sjå innhald dei interesserer seg for, på sitt eige språk

All mediestøtte i éi ordning

I Jeløya-plattforma ville regjeringa greie ut om all mediestøtte, inkludert NRK-lisensen, kunne vere i éi mediestøtteordning. Det har dei fire partia no konkludert med.

– Noreg treng nye ordningar for mediestøtte, som tek større omsyn til det norske mediemangfaldet. NRK-plakaten er den viktigaste ordninga for å sikre nynorsk innan- og utanriksstoff på nett. Det nynorske mediebiletet må kome styrka ut av eventuelt nye ordningar, ikkje svekkja, seier Sandsmark.

Utgreiing av språkdelt ungdomsskule

Firepartiregjeringa vil greie ut å utvide retten til eigne nynorsk- og bokmålsklassar i språkdelte område frå barneskulen til å også gjelde ungdomsskulen.

– Det er synd fleirtalsregjeringa nyttar fleirtalet til å greie ut i staden for å prøve ut eller rett og slett vedta. For å sikre reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål trengst dette og fleire tiltak, som gjer det lettare å bli verande nynorskbrukar, seier Sandsmark.

Les også: Meiner det hastar å sikre nynorskundervisning i ungdomsskolen

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...