Heim Nyhende Sanner: – Ser at det går riktig veg

Sanner: – Ser at det går riktig veg

Men sju av ti seier nei til samanslåing etter at halvparten av kommunane i landet har konkludert.

Etter at over halvparten av kommunestyra i Noreg har tatt stilling til om dei ønskjer å slå seg saman med naboen, viser fasiten så langt at det er stor overvekt på neisida. Det blir knapt nok nokon store regionskommunar, som regjeringa har vore opptatt av.

Småkommunane rundt Ålesund seier nei til samanslåing, men om Ålesund og ni mindre kommunar på Sunnmøre slår seg saman, blir det truleg nynorsk administrasjonsspråk.

Positiv Sanner
Men kommunalminister Jan Tore Sanner meiner likevel regjeringa har komme lenger enn det dei fleste trudde var mogleg.

– Eg ser at det går i riktig retning. Vi har fått til meir på to år enn på dei førre 20, seier kommunalminister Jan Tore Sanner til NRK.

Gjennom heile våren har regjeringspartia blitt konfronterte med nei-fleirtal i rådgivande folkeavstemmingar. Svaret har vore vent og sjå, det er lokalpolitikarane som avgjer.

«Reforma er eit uforsvarleg stressopplegg med korte fristar,» skriv senterpartipolitikar Jenny Klinge, som vil leggja kommunereforma daud.

157 av 219 vil stå åleine
No har godt over halvparten av kommunane konkludert. NRKs gjennomgang av dei 219 kommunane som hadde fatta vedtak per 19. juni viser at 157 kommunestyre har gjort vedtak på å stå aleine. 62 har vedtatt samanslåing. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...