Heim Nyhende Sigmund Skard-stipendet til Maria Parr

Sigmund Skard-stipendet til Maria Parr

Maria Parr får Sigmund Skard-stipendet 2013.

Parr får prisen fordi ho set målgruppa si i sentrum og kompromisslaust stiller seg på barnets side. Prisen er på 25 000 kroner. 

Vaffelhjarte er seld til 19 land, Tonje Glimmerdal til 14 land, og sistnemnde blir i haust sett opp på Det Norske Teateret. Vaffelhjarte har gjort suksess som fjernsynsserie på NRK, og vann den europeiske fjernsynsprisen Prix jeunesse.

– Parr skriv om kvardagshendingar som skuletimar og kjelkeaking, men tekstane hennar er aldri trivielle eller daterte, dei har noko tidlaust over seg. Gjennom å setje barnet i sentrum og gå i augehøgd med karakterane sine, klarer ho å formidle livets sorger og gleder gjennom å kompromisslaust vere på barnet si side, heiter det i grunngjevinga til juryen. 

I Tonje Glimmerdal teiknar Parr portrettet av ei jente med pågangsmot, varme og klokskap, lik Lindgrens Ronja. Tonje er einaste barnet i Glimmerdal. Ei jente som beherskar livet og dalen ho lever i, sjølv om ho berre er eit barn. Det er det kompetente barnet som susar på ski og kjelke nedover lia, og som i møte med vaksne er nyfiken, direkte og har integritet. Alt er vel fram til Tonje ein dag får vite at bestevennen, gamle Gunnvald på over 70 år, har ein løyndom som ingen har fortalt henne om fordi ho berre er eit barn.

– Parr er barnets unike forsvarar, og gjennom tekstane sine viser ho barnet kvar ansvaret ligg når det er noko alvorleg som er feil, at det er dei vaksne som skal rydde opp når noko er gått gale, meiner juryen.

Sigmund Skard-stipendet går til ein forfattar som har gitt ut minst éi bok med høg litterær kvalitet dei siste fem åra. Stipendet skal medverke til å utvikle den aktuelle forfattarskapen, og stipendet er på 25 000 kroner. I juryen sit redaktør Kjersti Instefjord, forlagssjef Håkon Kolmannskog og forlagsdirektør Edmund Austigard i Samlaget

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...