Heim Nyhende Sigrid Moldestad til Festspela

Sigrid Moldestad til Festspela

Den prisvinnande felespelaren Sigrid Moldestad kjem til Dei nynorske festspela i juni.

Moldestad er ein av dei mest etterspurde folkemusikarane i landet i dag, og ho kjem til festspela med sitt faste band beståande av Sigbjørn Apeland på harmonium, Jørgen Sandvik på gitar, banjo og mandolin, Anders Hall på feler, Anders Bitustøyl på kontrabass.

Den tidlegare Spelemannspris-vinnaren vart i 2010 kåra til Årets folkemusikar for 2010, ho vann Folkelarmprisen 2010 for plata Sandkorn og fekk også heimkommunen Gloppen sin målpris. På tampen av året blei ho tildelt fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane og Lutt-prisen frå NRK Sogn og Fjordane.

Det endelege programmet for Dei nynorske festspela blir ikkje lagt ut før i april, men det er allereie klart at forfattaren Bjørn Sortland frå Bømlo i Sunnhordland blir festspeldiktar. Sortland blir den attande festspeldiktaren, og han har gitt ut om lag 40 bøker, dei fleste for barn og unge, men han skriv også bøker for vaksne.

Dei nynorske festspela 2011 blir arrangerte i Ørsta og Volda frå torsdag 23. til søndag 26. juni, med Ivar Aasen-tunet som hovudarena.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...