Heim Nyhende Skal finne Årets nynorskkommune

Skal finne Årets nynorskkommune

For tredje året på rad bed no KRD nynorskkommunane om å melde seg i konkurransen om å bli Årets nynorskkommune.

– Kommunar som har eit medvite forhold til nynorsk, som ønskjer å styrke kvaliteten i språket og som sjølve brukar språket aktivt, bør søke om å få bli Årets nynorskkommune, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) til LNK.

– Nynorsken er ein viktig del av identiteten vår og har ein sentral plass i den nasjonale litteraturen, seier Navarsete.

– Vi må arbeide for å oppretthalde og styrke nynorsken si rolle og sikre at det offentlege brukar språket aktivt. Vi treng kommunar som er bevisste på å legge til rette for bruk av nynorsk og vi treng politikarar som frontar nynorsken, seier statsråden vidare.

Ho peiker på at kommunane gjerne må samarbeide med det lokale næringslivet og oppmode dei til å profilere seg på nynorsk.

Prisen Årets nynorskkommune er på 100 000 kroner og har tidlegare gått til Stord (2009) og Seljord (2010). Fristen for å søke i år er 15. oktober. I juryen for Årets nynorskkommune sit representantar frå Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Landslaget for lokalaviser og Språkrådet, medan departementet er sekretariat. Prisen vil bli delt ut i løpet av november.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...