Heim Nyhende Skal styrke nynorsk journalistikk

Skal styrke nynorsk journalistikk

No etterlyser Nynorsk kultursentrum dei gode tiltaka som styrker journalistikk på nynorsk og som kan føre til fleire nynorskbrukande journalistar.

Vinjefondet skal i år dele ut omlag 800.000 kroner til nynorsktiltak i pressa og Nynorsk kultursentrum har fått i oppgåve å finne kven som skal få midlane.

– Vinjefondet skal gjere det lettare å vere nynorskbrukar, vere med og gjere nynorsk til eit sjølvsagt språk i alle typar media, og stimulere utgivarar og redaktørar til å engasjere og tilsetje fleire nynorskbrukarar i ulike media, seier administrasjonssjef i Nynorsk kultursentrum, Magni Hjertenes Flyum til Vikebladet.

Tiltak som kan vere av interesse er til dømes praktikantordningar, praksisplassar, språklege tiltak og etterutdanning.

– Det er viktig at tiltaka det blir søkt om midlar til er handlingsretta, at det når mange lesarar, lyttarar eller sjåarar, og det må gjerne vere eit medium eller ein sjanger der nynorsk i dag er lite brukt, seier Hjertenes Flyum, som også er leiar i fagrådet for Vinjefondet.

Med seg i fagrådet har ho Tomas Bruvik (Kvinnheringen), Aagot Opheim (Adresseavisa), Lars Arve Røssland (Universitetet i Bergen) og Sverre Liestøl (Høgskulen i Volda).

Søknadsfristen er 15. november. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...